Hopp til innhald

Liten gutt står på en slette. Foto.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. Å vokte fjelletChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Å vokte fjellet

Kortfilmen Å vokte fjellet (2012), regissert av Izer Aliu, er ei kompakt etisk forteljing om forholdet mellom to brør, og om det å brått bli vaksen. Filmen er spelt inn i Makedonia, i byen Radusha, med lokale skodespelarar. Dette bidreg til å skape ei autentisk og truverdig forteljing.

Filmdetaljar

År: 2012

Varigheit: 25 minutter

Produsent: Elisabeth Kvithyll

Skodespelarar: Burhan Amiti, Altin Ahxani, Besim Murtezani

Regi: Izer Aliu

Manus: Tor Hubro Stene

Foto: John-Erling Holmenes Fredriksen

Klipp: Alline de Almeida Lande

Produksjonsselskap: Den norske filmskolen

Opphav: Norge

Handlinga

Familien sitt lam har stukke av, og i ein familie der naturalhushald er eit levebrød, er dette eit stort tap. Faren i familien, som oppdreg dei to gutane sine med mykje autoritet og lite ømheit, sender gutane av garde på leit etter lammet. Men leiteaksjonen i det makedonske fjellandskapet byr på utfordringar dei to gutane ikkje heilt er budd på. Det blir ei farefull ferd som set den unge manndomen deira på prøve.

Prisar

Å vokte fjellet har vunne både Amanda-pris i Haugesund, Gullstolen på kortfilmfestivalen i Grimstad og publikumsprisen for beste kortfilm på CineEast film festival i Luxembourg, i tillegg til at han vann hovudprisen på Chicago internasjonale barnefilmfestival i 2013.

Om regissøren

Izer Aliu (1982–) er ein multinasjonal filmskapar. Han er albansk, fødd i Makedonia, og har bakgrunn frå både Sverige og Noreg. Han fekk raskt anerkjenning som filmskapar då Å vokte fjellet, eksamensfilmen hans på regilinja på Filmhøgskolen i Lillehammer, vann ei rekkje prisar.

I 2014 regisserte han kortfilmen Det gode livet, der borte, og i 2016 kom spelefilmen Hunting flies, begge filmar med handling lagt til Makedonia, og begge filmar som har fått gode kritikaromtalar.

Læringsressursar

Å vokte fjellet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale