Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. UpperdogChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Upperdog

Spelefilmen Upperdog (2007), regissert av Sara Johnsen, formidlar noko allmennmenneskeleg om grunnleggjande tema i livet. Kven er eg? Kor kjem eg frå? Kor høyrer eg til? Fire unge liv blir vovne inn i kvarandre, og filmen viser korleis verkelegheita kan oppfattast ulikt frå ulike perspektiv.

Filmdetaljar

År: 2009

Varigheit: 1 time og 35 minutter

Sjanger: Drama, Romantikk

Produsent: Christian Fredrik Martin, Asle Vatn

Skodespelarar: Agnieszka Grochowska, Hermann Sabado, Bang Chau, Mads Sjøbård Pettersen, Ole Paus

Regi og manus: Sara Johnsen

Foto: John Andreas Andersen

Opphav: Norge

Handlinga

Soldaten Per er komen heim frå oppdrag for norske styrkar i Afghanistan og er prega av vonde minne og mareritt. Overklasseguten Axel har problem med å bli vaksen og har nettopp tatt dama «på fersken» i å vere utru. Adopterte Yanne jobbar på ein restaurant og er prega av vonde minne frå før ho kom til Noreg. Og polske Maria har lange arbeidsdagar i ulike jobbar, mens ho sparer opp pengar ho kan sende heim til sonen. Yanne og Maria er kollegaer på restauranten og deler leilegheit, og når Per flytter inn i same bygard, og Maria byrjar som hushjelp hos Axel sin familie, blir dei ulike liva vovne tett saman.

Om regissøren

Sara Johnsen (1970) er ein norsk regissør og manusforfattar. Ho er utdanna ved regilinja på Den norske filmskolen på Lillehammer, i tillegg til at ho har studert litteraturvitskap og mediefag. Gjennombrotet sitt fekk ho med den første spelefilmen sin, Vinterkyss (2005), som ho fekk både Nordisk råds filmpris og Kanonprisen for. Upperdog (2009) er den andre spelefilmen hennar og hadde premiere i august 2009. For Upperdog, som ho både har skrive manus og hatt regi på, vann ho mellom anna ei rekkje Amandaprisar. Johnsen lagar stilsikre filmar om tema som rører mange.

Læringsressursar

Upperdog

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale