Hopp til innhald

Bilde fra kortfilmen My Recurring Dream
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. Cold Mailman – My Recurring DreamChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Cold Mailman – My Recurring Dream

I denne musikkvideoen blir du med på ei reise gjennom stiliserte og surrealistiske draumelandskap.

Filmdetaljar

Sjanger: Musikkvideo

Produsent: Andrea Berentsen Ottmar

Regi: André Chocron

Foto: Audun Magnæs

Klipp: André Chocron

Musikk: Cold Mailman

Lyd: Cold Mailman

Produksjonsselskap: Frokost Film

Opphav: Noreg

Om filmen

Musikkvideoen Cold Mailman – My Recurring Dream tek deg med inn i ei surrealistisk verd der bileta framstår som i ein draum.

Du får sjå sjukehus- og skulekorridorar, ei badebryggje, ein gammaldags togkupé og fleire menn i svart dress som skatar nedover ein bakke med stresskoffert i handa. Det kan vere interessant å merke seg fargebruk i filmen – korleis tida av og til blir spola tilbake. Og vidare korleis dei ulike sekvensane i musikkvideoen er fletta saman.

Filmen er regissert av André Chocron og produsert av Frokost film AS. I 2013 vann filmskaparane Musikkvideoprisen ved Kortfilmfestivalen i Grimstad.

André Chocron har også tidlegare samarbeidd med Cold Mailman. Det var då dei laga musikkvideo til låta Time is of the Essence i 2011. Begge musikkvideoane har blitt nominerte til Spellemannsprisen, og dei har hausta internasjonal anerkjenning og merksemd.

Læringsressursar

Cold Mailman – My Recurring Dream