Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. Salmer fra kjøkkenetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Salmer fra kjøkkenet

Eit gitt filmuttrykk kan neppe seiast å vere noko anna enn nett ein gitt filmskapars handtering av filmatiske verkemiddel. For å få eit kjennskap til desse kan du studere filmar med ein tydeleg stil. Bent Hamers Salmer fra kjøkkenet er ein slik film.

Filmdetaljar

År: 2003

Opphav: Norge

Sjanger: Komedie

Regi og manus: Bent Hamer

Foto: Philip Øgaard

Musikk: Hans Mathisen

Skodespelarar: Sverre Anker Ousdal, Bjørn Floberg, Tomas Norström, Joachim Calmeyer

Handlinga

Utgangspunktet for handlinga er eit forskingsprosjekt initiert av det svenske Hemmets Forskningsinstitut (HFI). Representantar for HFI kjem flokkande til den norske bygda Landstad for å utforske einslege menn sine kjøkenvanar. I positivistisk stil er forskinga meint å skulle vere reint objektiv observasjon. Observatøren skal notere forskingsobjektet sine rørsler i kjøkenet utan å blande seg inn i det som skjer. Vi følgjer observatøren Folke og det heller motviljuge forskingsobjektet Isak, ein eldre særing som angrar på at han vart med på prosjektet. Folke får likevel innpass med litt hjelp av Isak sin nabo og kamerat Grant, som seinare spelar ei viktig rolle i eit sjalusidrama mellom dei tre mennene. Forskinga går trått frå starten og går i vasken etter kvart som Folke og Isak tør opp og blir vener. Når venskapen vert oppdaga, får Folke fyken. Ved svenskegrensa bestemmer han seg for å snu og feire jul i lag med Isak, men finn i staden Isak daud. Noko seinare ser vi Folke bu i Isak sitt hus der han ventar besøk av Grant.

Kva for ei historie filmskaparen vil fortelje, er eit viktig kunstnarleg val. Det har vore sagt at HFI var ein verkeleg institusjon som dreiv forsking av den typen vi ser i filmen. Likevel er det ikkje tvil om kvifor Bent Hamer har vald å fortelje denne historia. Det er mindre fordi det verkeleg kan ha skjedd, enn fordi den absurde situasjonen med ein upartisk observatør og ein som motviljug let seg bli observert, er særs veleigna til å lage ein film om – det å vise korleis menneske bryt ut av rollene dei skal spele når dei kjem nærare inn på kvarandre.

Eit godt triks for å skjerpe publikum si observasjonsevne og sin observasjonstrong, er å spele på klare skilnader. Slike er det nok av, sjå berre på alt som skil hovudpersonane: Den eine er svensk, den andre norsk, den eine er observatør, og den andre er observert. Mykje av humoren i filmen spring ut av ei rollefordeling som denne, delvis fordi dei to etter kvart går ut av rollene HFI hadde meint dei skulle spele – når dei sluttar med observasjonen og blir kompisar. Vi ser òg korleis realitetane skil seg frå ideala i denne situasjonen. Legg merke til korleis ein observasjonssituasjon som var meint å skulle vere nøytral og objektiv, direkte grip inn i og endrar dei rutinane han var meint å skulle gje privilegert tilgang til.

Bent Hamers filmatiske uttrykk

Hamers filmografi omfattar langfilmane Eggs (1995) og En dag til i solen (1998), Factotum (2005), O' Horten (2007), Hjem til jul (2010) og 1001 gram (2013), i tillegg til kortfilmar som Søndagsmiddag (1991) og Applaus (1994). Eggs vart mykje av eit kritisk og kommersielt gjennombrot for Hamer. Mykje av grunnen til dette låg i ein særeigen stil, både med omsyn til skodespelarinstruksjon, klipp og ikkje minst scenografi.

For den som ser ein Hamer-film, er det lett å få augo opp for at her er ein filmkunstnar som legg vekt på at historia han fortel skal gå føre seg i truverdige omgjevnader. Det er fristande å seie at handlingsrommet er like viktig som sjølve handlinga. Han er heller ikkje ein filmskapar som let dialogen fortelje historia for seg. Dialog er snarare brukt for å utdjupe karakterar enn å tilføre handling. Filmane hans er prega av ein lun humor, også denne visuell snarare enn verbal.

Ein tar heller ikkje feil om ein oppfattar Hamers filmar som karakterstudiar. Både Eggs og Salmer fra kjøkkenet handlar i stor grad om eldre mannlege einstøingar som får liva sine endra når dei møter nye folk. Dialog, klipperytme, musikk, scenografi og andre element teiknar levande bilete av menneska som folkeset desse filmane. Handlinga spring ut av karakterane i staden for å vere ei slags narrativ felle som karakterane er fanga i.

Læringsressursar

Salmer fra kjøkkenet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Kildemateriale