Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. Million Dollar BabyChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Million Dollar Baby

Million Dollar Baby har vunne fire Oscarprisar, blant anna prisane for beste film og regi. Clint Eastwood har regissert filmen. På rollelista er kjende namn som Hilary Swank, Morgan Freeman og Clint Eastwood sjølv.

Filmdetaljar

År: 2004

Sjanger: Drama

Regi: Clint Eastwood

Manus: Paul Haggis

Skodespelarar: Hilary Swank, Clint Eastwood, Morgan Freeman, Mike Colter

Musikk: Clint Eastwood

Produksjonsselskap: Lakeshore Entertainment

Opphav: USA

Om filmen

Ein dag dukkar Maggie opp i treningsstudioet til Frankie. Ho har bestemt seg for bli profesjonell boksar og vil at Frankie skal trene henne. Frankie kjenner seg for gammal, og han er først motvillig til forslaget til Maggie. Til slutt får Maggi det likevel som ho vil.

Filmen er basert på ei novelle skriven av den tidlegare boksetrenaren F.X. Toole. Clint Eastwood har regissert filmversjonen, og han spelar også rollen som Frankie, boksetrenar og eigar av eit nedkøyrd treningsstudio i Los Angeles. Hilary Swank tolkar rolla som Maggie, servitøren frå Missouri, som drøymer om ein boksekarriere. Karakteren Scrap blir spelt av Morgan Freeman. Scrap er tidlegare boksar, og han jobbar no i treningsstudioet til Frankie.

Filmen har vunne ei rekkje anerkjende filmprisar, blant anna fire Oscarprisar og to Golden Globe-prisar.

Den amerikanske draumen

Ifølgje regissør Clint Eastwood handlar filmen om den amerikanske draumen (The American dream). I den amerikanske draumen har alle menneske same moglegheit til suksess og velstand, uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn.

Filmen stiller spørsmål ved om den amerikanske draumen verkeleg gjeld for alle. For kva om du er ei såkalla "white trash"-jente frå Missouri, som ønskjer å bli ein suksessfull boksar?

Servitøren Maggie må kjempe mot ei rekkje fordommar for å nå målet sitt, og etter kvart tek livet ei ny vending for henne, når ho blir alvorleg skadd i ein kamp.

Læringsressursar

Million Dollar Baby

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Kildemateriale