Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. Whale RiderChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Whale Rider

Whale Rider er ein film som eignar seg godt til temaanalyse. Filmen tek opp tema som likestilling, dyrevern og ikkje minst urfolk.

Filmdetaljar

År: 2002

Alt. titlar: Te kaieke tohora

Manus og regi: Niki Caro

Produsent: Tim Sanders, John Barnett, Frank Hübner

Skodespelarar: Keisha Castle-Hughes, Rawiri Paratene, Vicky Haughton, Cliff Curtis

Foto: Leon Narbey

Opphav: New Zealand

Handlinga

Sidan Paikea kom ridande på ein kval i ei mytisk fortid, har første son i kvar generasjon etter han vore hovding av Whangara-stammen. Den noverande hovdingen, Koro, er uroleg for framtida. Den eldste sonen hans, Pourourangi, ser ikkje ut til å ha evnene som skal til for å bli hovding. Han har heller ingen son. Kona hans fødde ein son og ei dotter, men både sonen og kona døyr i barsel, og Pourourangi dreg derfor bort frå stammen. Før han dreg, kallar han dottera Paikea (oftast forkorta til Pai). Etter kvart som Pai veks opp, blir det meir og meir klart at ho har dei eigenskapane som trengst for å bli ein god hovding. Koro er i og for seg glad i barnebarnet sitt, men han leiter etter ein gut som kan overta for seg. Han mister kontakten med alle rundt seg, mens Pai får hjelp av dei han støyter frå seg. Situasjonen utviklar seg til ei akutt krise på fleire plan når ein flokk kvalar strandar. Koro er ute av stand til å løyse problemet og ser endeleg kva som bur i Pai når ho rir ein av kvalane ut til havs. Filmen sluttar med at Pai blir innsett som hovding.

Å fortelje med metaforar

Soga om Paikea Apirana er ein del av soga om Whangara-stammen. I tillegg er det ei soge om korleis ei jente greier seg i ei mannsverd. Maori-kulturen er visstnok den eldste nolevande urfolkskulturen i verda, så det er ikkje småtteri Pai må bere på dei smale skuldrene sine. I historier, soger, forteljingar som er fortalde munnleg, skriftleg eller filmatiserte, bruker ein stadig vekk metaforar, symbol og andre verkemiddel for å formidle poenget eller gjere soga vakrare.

Båten

Vi skal sjå nærmare på ei scene (00:16:20–00:18:40) der samspelet mellom den vesle forteljinga om Pai og den store forteljinga om maoriane er særskilt godt. Det dreier seg om scena der Koro prøver å få start på ein påhengsmotor mens Pai spør han ut om Paikea som kom ridande på ein kval. Koro bruker eit nylontau (som han treng til å starte motoren) som bilete på folket sitt, frå Paikea og fram til i dag. Alle fibrane i tauet må til. Sjølv om dei er tynne og skrøpelege kvar for seg, er dei sterke saman. Koro bruker tauet til å prøve å få start på motoren. Tauet ryk tvert av, og han seier det er ubrukeleg og går for å hente eit nytt. Då knyter Pai saman tauendane, gjer eitt forsøk på motoren og får start med ein gong. Denne scena er svært rik på symbolikk og skaper resonans og djupn i så godt som heile resten av filmen.

Læringsressursar

Whale Rider

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Kildemateriale