Hopp til innhald

Scenebilde fra filmen "The Imitation Game. Foto.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. The Imitation GameChevronRight
  6. The Imitation GameChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

The Imitation Game

The Imitation G ame, regissert av norske Morten Tyldum, er basert på ei sann historie om matematikaren Alan Turing. Turing klarte å knekkje det tyske krypteringssystemet Enigma under andre verdskrig, men opplevde seinare å bli strafferettsleg forfølgd på grunn av homofili.

Om filmen

Under andre verdskrig bruker tyskarane eit komplekst kodesystem til å sende beskjedar om overraskingsangrep, hemmelege konvoiar og annan informasjon som dei ikkje ønskjer at dei allierte skal få tak i. Dersom engelskmennene klarer å knekkje kodane, som blir laga av den tyske kodemaskina Enigma, vil dei kunne avsløre dei hemmelege planane til tyskarane og på denne måten finne ut kva dei planlegg å gjere. For å klare å knekkje koden må ein kjenne til innstillingane til Enigma-maskina, men desse blir endra dagleg ved midnatt.

Den militære etterretningstenesta i Storbritannia opprettar ei topphemmeleg ekspertgruppe som skal jobbe med å knekkje Enigma-kodane. Matematikaren og krypteringseksperten Alan Turing (Benedict Cumberbatch) blir med i gruppa, som elles består av lingvistar, studentar, hemmelege agentar og ein sjakkmeister. Turing set i gang med å byggje ei avansert kodemaskin, ein slags forløpar til datamaskina, som skal kunne overliste Enigma.

I tillegg til å handle om dekryptering av Enigma-kodane tek The Imitation Game òg for seg Alan Turing på eit meir personleg plan. Turing har ein ustabil og usosial personlegdom. Dette gjer det vanskeleg for han å samarbeide med andre. Han er òg homofil, og i Storbritannia på denne tida er det forbode å leve ut ei homofil legning. Dette får Turing sjølv smerteleg erfare. Etter krigen blir han straffeforfølgd på grunn av homofili.

Om regissøren

Morten Tyldum starta karrieren som tilsett i NRK drama tidleg på 90-talet, der han mellom anna var med på å starte ungdomsserien U. Han debuterte som spelefilmregissør med komedien Buddy i 2003. Filmen fekk Amandaprisen for beste kinofilm i 2004.

Det store gjennombrotet som regissør fekk Tyldum med kinosuksessen Hodejegeren i 2011, med Aksel Hennie, Synnøve Macody-Lund og Nikolaj Coster-Waldau i dei største rollene. Filmen baserer seg på Jo Nesbø sin roman med same namn. Suksessen med Hodejegeren gjorde at Tyldum blei lagd merke til i Hollywood.

The Imitation Game er den første engelskspråklege spelefilmen til Tyldum. Filmen fekk Oscar for beste tilrettelagde manus i 2015. The Imitation Game var på førehand nominert til heile åtte ulike Oscar-prisar, mellom anna for beste regi.

Oppgåver til The Imitation Game

a) Beskriv karakteren Alan Turing.

  • Kva inntrykk får du av Turing i opningsscena?
  • Korleis utviklar karakteren seg gjennom filmen?
  • Beskriv forholdet mellom Turing og dei andre karakterane.
  • Kvifor trur du Alan Turing frir til Joan Clarke?
  • Korleis trur du det hadde gått med Turing om han ikkje hadde blitt arrestert?

b) Filmen hoppar i tid og vekslar mellom scener frå Turing sine skuledagar på slutten av 20-talet til krigens dagar og scener frå avhøyra med politiet etter krigen. Lag ei kronologisk historie av forteljinga som blir presentert i filmen.

c) The Imitation Game følgjer ein klassisk Hollywood-dramaturgi. Beskriv den dramatiske oppbygginga av filmen. Beskrivinga bør innehalde

  • ei forklaring av korleis karakterane blir introduserte
  • konfliktane i filmen
  • klimaks og vendepunkt

d) Kvifor trur du filmen har fått tittelen The Imitation Game?

e) Enkelte historikarar har kritisert filmen for å vere unøyaktig i måten han framstiller historiske hendingar på.

  • Søk på nettet og finn ut meir om kva denne kritikken går ut på.
  • Kjenner du til andre historiske eller biografiske filmar som har fått tilsvarande kritikk?
  • Drøft denne påstanden: Historiske og biografiske spelefilmar baserer seg ofte lite på historiske fakta.

Læringsressursar

The Imitation Game

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale