Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. The Imitation GameChevronRight
SubjectEmne

EMNE

The Imitation Game

The Imitation Game er ein annleis krigsfilm, der ein følgjer krigsforløpet under andre verdenskrigen frå innsida av den britiske etterretninga.

Filmdetaljar

Sjanger: Drama, Thriller

Regi: Morten Tyldum

Manus: Graham Moore

Skodespelarar: Benedict Cumberbatch, Keira Knightley, Mark Strong, Charles Dance, Allen Leech, Matthew Goode, Tuppence Middleton, Rory Kinnear, Tom Goodman-Hill, Matthew Beard

Musikk: Clint Mansell

Produksjonsselskap: Black Bear Pictures, Bristol Automotive

Opphav: USA

Handlinga

Den andre verdenskrigen rasar, og Storbritannia kjempar ein hard kamp mot den militære ekspansjonen til Hitler i Europa. Britisk etterretning har alt å vinne på å tolke nazistane sine koda radiosignal, då desse inneheld særs viktig informasjon om tyske militærstrategiar og det tyske krigsapparatet sine rørsler. Tolkingane av radiosignala verkar umogleg, men så sett britiske myndigheiter sitt håp til at matematikaren og krypteringseksperten Alan Turing og teamet hans med kodeknekkarar skal makte å avsløre løyndommane til tyskarane. Alan Turing har en særs samansett personlegdom, noko som gjer samarbeidet med kollegaene og oppdragsgjevarane hans vanskeleg. Turing sett likevel all æra si i å løyse kodemysteriet, og dermed snu krigsforløpet som i lang tid har vore i Hitlers favør.

Enigma-koden

Storbritannia, skild frå fastlandet til Europa, kjempar ein kamp mot klokka, då manglande matforsyningar og enorme materielle tap er i ferd med å knekke landet. Der militære aksjonar ikkje lukkast tilstrekkeleg med å slå Hitler sitt Nazi-Tyskland, er det naudsynt å meistre teknologi som kan avsløre innhaldet i tyske radiosignal. Her snakkar vi om særs avanserte kodesystem, som tyskarane omprogrammerer éin gong i døgeret. Denne krypteringa blei kalla Enigma-koden, og var i utgangspunktet umogleg for menneske å desifrere. Då den britiske etterretninga fekk fatt i den briljante matematikaren og krypteringseksperten Alan Turing, nådde dei for første gong eit vendepunkt i denne kampen mot kodane.

Alan Turing si løysing på problemet var å skape ei maskin som var endå meir avansert enn nazistane si Enigma-maskin. Saman med seg hadde han eit team av lingvistar, sjakkekspertar, studentar og etterretningsagentar. Basen deira var den løynde Government Code and Cypher School, Bletchley Park.

The Imitation Game er regissert av norske Morten Tyldum. Han fekk internasjonal merksemd for suksessfilmen Hodejegerne (2011). The Imitation Game er den engelskspråklege debuten hans.

Alan Turing

Denne filmforteljinga er basert på sanne historiske hendingar. Alan Turing var ein faktisk person, og dei vitskaplege oppdagingane hans gjorde det ikkje berre mogleg å snu krigsforløpet, men maskineriet han oppfant, og som han videreutvikla etter krigen, var ikkje mindre enn forløparen til vår tids datamaskin.

Læringsressursar

The Imitation Game

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale