Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. SnøChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Snø

Den norske kortfilmen Snø (2013) handlar om ein komponist som prøver å fange lyden av snøfnugg. Det er skodespelar Helge Jordal som tolkar rolla som komponisten.

Filmdetaljar

År: 2013

Opphav: Noreg

Manus og regi: Hans Otto Nicolayssen

Foto: Sjur Årseth, Kjetil Mathisen

Klipp: Sjur Årseth

Musikk: VATH

Produksjonsselskap: Niccofilm

Om filmen

Komponisten prøver å fange lyden av snøkrystallar som knuser og av lette snøfnugg som landar på bakken. Det viser seg å vere ei større oppgåve enn han først trudde.

Filmen er utan dialog og blir fortald i langsamt tempo. Musikken er stemningsskapande og heng nært saman med handlinga i filmen. Filmen passar godt som utgangspunkt når du jobbar med lyd og musikk som verkemiddel i film.

Om regissøren

Hans Otto Nicolayssen (1945) er ein norsk regissør og produsent. Han debuterte som spelefilmregissør med dramafilmen Kjærleikens ferjereiser (1979). Nicolayssen er òg kjend for komedien Plastposen (1986) med Jon Skolmen i hovudrolla.

Læringsressursar

Snø