Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. ThelmaChevronRight
  6. Oppgåver til ThelmaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Oppgåver til Thelma

Sjå filmen Thelma og drøft deretter desse oppgåvene aleine eller saman med klassekameratar.

Sjanger

Thelma blir kategorisert som ein sjangerfilm.

  • Kva er typisk for ein sjangerfilm?
  • Skriv ned typiske sjangertrekk ved denne filmen.
  • Drøft kva for sjanger Thelma passar inn under.

Symbolikk

Thelma er full av symbolikk. Vatn, slangar og fuglar er berre nokre av symbola som blir brukte som bilete på noko anna.

  • Forklar kva desse tre elementa symboliserer.
  • Kom med fleire eksempel på symbol i filmen.
  • Kor vellykka er symbolikken i filmen, synest du?

Perspektiv, kameravinkel og biletutsnitt

Thelma er ved fleire anledningar filma langt unna, ofte sett ovanfrå.

  • Kva trur du regissøren ønskjer å formidle med dette filmatiske grepet?
  • Kva blir dei ulike kameravinklane kalla?
  • Kva for forteljetekniske grep bidreg kameravinklane til i Thelma?
  • Forklar dei ulike biletutsnitta ein kan velje mellom, og drøft korleis biletutsnittet i filmen blir brukt forteljeteknisk.

Læringsressursar

Thelma

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale