Hopp til innhald

Bilde fra filmen Den fabelaktige Amélie fra Montmartre. Foto.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. Den fabelaktige Amélie fra MontmartreChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Den fabelaktige Amélie fra Montmartre

Den fabelaktige Amélie fra Montmartre er ei historie om den einsame og drøymande jenta Amélie. Som ein moderne Zorro prøver ho å glede og ikkje minst rydde opp i andre sitt liv, men klarer ho å finne lykka i sitt eige?

Filmdetaljar

År: 2001

Opphav: Frankrike

Sjanger: Romantisk komedie/Drama

Regi: Jean-Pierre Jeunet

Manus: Jean-Pierre Jeunet og Guillaume Laurant

Musikk: Yann Tiersen

Skodespelarar: Audrey Tautou, Mathieu Kassovitz, Rufus, Serge Merlin

Amélie veks sjølv opp med ein far som aldri klemmer henne, og ei nevrotisk mor. Når Amélie er seks år, døyr mora etter å ha blitt truffe av ein sjølvmordsturist utanfor Notre Dame. Ho veks opp aleine, einsam og med eit rikt fantasiliv. I ung alder flyttar ho ut for å jobbe som servitrise ved ein café i Montmartre. Når prinsesse Diana døyr i ei bilulykke nokre år seinare, får Amélie sin openberring og ser sitt store mål i livet. Tida er dyrebar, og livet er skøyrt. No vil Amélie gjere alle andre rundt seg glade.

Rett nok forsøkjer ho å forandre på liva til mange av dei ho møter, også med ein viss manipulasjon på vegen. Hensikta er likevel alltid at dei skal få det betre – at dei rett og slett fortener eit betre liv. Men kva med hennar eige? Kan ho sjølv få kontakt med andre og oppleve kjærleiken, eller treng også ho hjelp frå andre?

Den fabelaktige Amélie fra Montmartre er ei vakker og annleis historie om kjærleik og godleik utan å bli sentimental. Filmen blei ein gedigen kinosuksess, vann fleire titals prisar og blei nominert til fem Oscar. Filmen blei også gjennombrotet til skodespelar Audrey Tautou som den underfundige Amélie.

Læringsressursar

Den fabelaktige Amélie fra Montmartre