Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. 12 Years a SlaveChevronRight
SubjectEmne

EMNE

12 Years a Slave

Den kritikarrosa spelefilmen 12 Years a Slave byggjer på ein sjølvbiografisk roman med same tittel frå 1853. I filmen blir Solomon Northup sine 12 år som slave i sørstatane skildra.

Filmdetaljar

År: 2013

Lengd: 2 timar og 14 minutt

Tilrådd aldersgrense: 15 år

Nasjonalitet: USA

Sjanger: Drama, historisk

Regi: Steve McQueen Manus: John Ridley

Skodespelarar: Chiwetel Ejiofor, Dwight Henry, Michael Fassbender, Benedict Cumberbatch, Garret Dillahunt, Sarah Paulson, Paul Dano, Paul Giamatti, Michael Kenneth Williams, Lupita Nyong'o, Quvenzhane Wallis, Scoot McNairy, Taran Killam, Chiwetel Ejiofor, Tom Proctor, Marcus Lyle Brown, Alfre Woodard, Ruth Negga, Brad Pitt

12 Years a Slave

Filmen 12 Years a Slave er basert på den sanne historia om Solomon Northup frå New York. Solomon var ein fri svart mann som blei bortført på reise til Washington i 1841. Han blei deretter teken med til sørstatane og seld som slave på ein marknad i New Orleans. Etter 12 år får han fridommen sin og kan vende attende til familien.

Filmen byrjar med at Solomon, allereie i fangenskap, arbeider ute på åkrane på ein sukkerplantasje. Gjennom glimt frå fortida får vi sjå kva som har leidd han dit.

Livet i slaveri er hardt, og Solomon kjempar for å halde seg i live. Han møter mykje motstand og opplever særs tøff behandling frå slaveeigaren, som blir spelt av Michael Fassbender.

Utmerkingar

12 Years a Slave har fått rosande omtalar, og fleire filmmeldarar kåra filmen til den beste i 2013. Filmen har vunne både Oscar og Golden Globe for beste film, i tillegg til ytterlegare to oscarprisar og ei rekkje andre prisar og nominasjonar. Les meir om prisar og nominasjonar her: 12 Years a Slave, prisar og nominasjonar (IMDb, International Movie Database).

Boka

I 1853 gav den historiske personen Solomon Northup ut boka 12 Years a Slave. Boka er basert på det han opplevde i fangenskap, frå han blei kidnappa til han blei sett fri tolv år etter. Biletet er brukt som illustrasjon i fleire utgåver av boka.

illustrasjon, Solomon Northup
Solomon Northup

Læringsressursar

12 Years a Slave

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Kildemateriale