Hopp til innhald

filmscene fra Federico Fellinis film 8 1/2
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. Federico Fellini: 8 1/2ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Federico Fellini: 8 1/2

Den Italienske filmregissøren og manusforfattaren Federico Fellini er ein av dei mest vidgjetne filmskaparane i filmhistoria. Fellini har blant anna laga filmane La strada (1954), La dolce vita (1960), 8 1/2 (1963), Satyricon (1969) og Amarcord (1973).

Ein film om det å lage film

Federico Fellini sin film 8 ½ er ein film om det å lage film. Historia handlar om filmregissøren Guido Anselmi som opplever det som er den store skrekken for alle kunstnarar: å gå tom for idear. Alle rundt han ventar at han skal skape ein ny film, men sjølv har han inga aning om kva den filmen han er i gang med å lage, eigentleg handlar om.

Regissøren vi møter i filmen 8 1/2, synest å vere meir oppteken av å føre ein filosofisk samtale med produsenten om kva for moglegheiter som ligg i sjølve filmmediet, enn i å ferdigstille den filmen han faktisk er i gang med. Han får på plass eit svært filmsett i form av eit romskip, men veit ikkje heilt kva han skal bruke det til. Stadig nye scener blir førte inn i filmen, utan at dei som er med får innsyn i manuset filmen etter det som blir sagt, skal byggje på.

Draumar og røyndom

I filmen 8 1/2 glir bilete frå filmsettet, frå barndomen til regissøren og ei drøymeverd over i kvarandre. På det viset får vi som tilskodarar tilgang både til den ytre verda, og dei inste tankane og kjenslene til kunstnaren.

Anselmi opplever forventningspresset frå omgivnaden som enormt. Dette marerittet blir visualisert i opningsscena der vi møter ein bilist som langsamt blir kvelt av blikket frå alle medtrafikantane han er omgitt av.

Etter eit samanbrot blir Anselm lagd inn på eit nervesanatorium. Men også her blir tilveret kaotisk for kunstnaren. Han blir dregen mellom alle dei menneska som vil ha ein bit av han, og demonane i sitt eige sinn.

Eit hovudverk i filmhistoria

Portrett av Federico Fellini i 1963
Federico Fellini (1920–1993)

Filmen blir fortald ut frå eit metaperspektiv der regissøren trer til sida og ser seg sjølv og den kunstnariske verksemda si utanfrå. Fellini er tydeleg prega av den interessa psykoanalysen hadde for barndomsopplevingar og draumetyding.

Filmen 8 ½ blir rekna som eit av hovudverka i filmhistoria. Tittelen viser til at dette er den åttande filmen til regissøren, i tillegg til enkelte episodefilmar. Filmarkivet.no omtalar 8 ½ som favorittfilmen til filmregissørane, fordi han er "… en film om filmkunsten og det håpløse med å utøve den, unikt skildret gjennom visjonen til en av Europas største regissører".

Læringsressursar

Federico Fellini: 8 1/2

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale