Hopp til innhald

Spelefilm

Kapernaum

12 år gamle Zain Al-Hajj lever eit hardt liv i slumkvarteret i Beirut. Han bestemmer seg for å saksøkje foreldra sine for å ha sett han til verda. Filmen vann den prestisjetunge juryprisen i Cannes i 2018.

Om filmen

I Kapernaum blir vi kjende med 12 år gamle Zain Al-Hajj. Filmen startar med at Zain saksøkjer foreldra for å ha sett han til verda. Rammeforteljinga av filmen speler ut seg i rettssalen. Det vil seie at filmen både startar og sluttar her. Hovuddelen i filmen gir eit tilbakeblikk til hendingar som førte til at Zain vart fengsla, og seinare saksøkjer foreldra sine.

Zain veks opp i ein fattig familie i slumområdet i Beirut. Saman med søskena sel han jus langs vegen og tek ulike småjobbar for å tene pengar til familien. Han har lyst til å gå på skulen, men det får han ikkje lov til. Då veslesøstera Sahar på elleve år blir seld som kone til ein mann som er mykje eldre enn henne, stikk Zain av.

Zain søkjer tilflukt på eit tivoli. Der blir han kjend med den etiopiske kvinna Rahil. Rahil er ein papirlaus flyktning som bur i eit blikkskur saman med den eitt år gamle sonen, Yonas. Ho lèt Zain bu hos seg mot at han passar sonen medan ho er på jobb. Ein dag blir ho arrestert og sett i fengsel, og Zain får plutseleg ansvaret for Yonas heilt åleine.

Fattigdom og nød

Kapernaum handlar om fattigdom, nød og rettane til barn. Forteljinga blir skildra gjennom barna vi møter i filmen. Desse barna må dagleg kjempe for å overleve i ei verd der det finst svært få tryggje vaksne.

Filmen viser på ein hjarteskjerande måte korleis fattigdom òg gir inntektsmoglegheiter til menneske som utnyttar andre sin nød, slik som menneskesmuglarar, hushaiar og dokumentforfalskarar.

Ingen av skodespelarane vi møter i filmen er profesjonelle skodespelarar. Regissør Nadine Labaki har medvite nytta seg av amatørskodespelarar. Dette gjer at karakterane i filmen verkar truverdige og ekte.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 25.09.2020

Læringsressursar

Filmanalyse