Hopp til innhald

Kortfilm

Oslo Traffic

Eit menneske er i trøbbel. Du må ta eit val. Skal du sjå bort? La vere å hjelpe? Eller skal du hjelpe utan å ane kva konsekvensane blir? I Oslo Traffic blir tilfeldigvis to damer offer for eit svært vanskeleg etisk dilemma.


Handling

Ei kvinne ventar på bussen idet ho høyrer skrik om hjelp. Ho spring bort til ein bil, der ho ser ein valdeleg sex-kjøpar gå laus på ei dame som er utsett for menneskehandel.

Mannen går til åtak på begge to. Ved eit uhell blir sex-kjøparen drepen. Dei neste timane må kvinnene ta ei rekkje val som vil prege dei for resten av livet.

Rett eller feil?

Oslo Traffic er ein film som viser at det ikkje alltid er like lett å definere kva som er rett og feil. Eit etisk dilemma er når du må ta val og omsyn som kan vere motstridande, eller fylt med tvil og usikkerheit. Det kan vere situasjonar der du ikkje har eit konkret fasitsvar på kva som er rett eller feil.

Å diskutere etiske dilemma kan hjelpe å fremme vårt etiske medvit, vår forståing for kvarandre og for verda vi lever i.



CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 17.01.2020

Læringsressursar

Filmanalyse