Hopp til innhald

Spelefilm

Catfish

Dokumentarfilmen Catfish handlar om korleis fotografen Yaniv (Nev) kjem i kontakt med ein kunstnarfamilie på Facebook.

Om filmen

Nev får eitt av fotografia sine publisert i The New York Sun. Ikkje lenge etterpå sender nokon han eit måleri av fotografiet hans i posten. Det er Abby, ei talentfull åtteårig jente frå Michigan, som har måla biletet.

Nev blir snart ven med fleire av Abbys familiemedlemmer på Facebook. Mellom anna med Abbys halvsøster Megan, som dansar ballet, er veterinær og musikar. Megan og Nev utviklar raskt eit nært og romantisk avstandsforhold.

Nev deler kontor med to filmskaparar i New York – sin eigen bror og kollegaen til broren. Desse to fattar interesse for Nevs forhold til familien på Facebook og byrjar etter kvart å lage ein dokumentarfilm.

Ein kveld sender Megan over ein song til Nev som ho har laga sjølv. Det blir stadig meir klart for Nev at det er noko med den mystiske familien på Facebook som ikkje stemmer.

Dokumentar?

Filmen gir seg ut for å vere ein dokumentar, men om dette er ein autentisk dokumentarfilm eller ikkje, har vore diskutert av både filmkritikarar og fans.

Relatert innhald

Ein gut innleier eit vennskap med ei ung kvinne på internett. Men er ho eigentleg den ho gir seg ut for å vere?

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 18.01.2017

Læringsressursar

Filmanalyse