Hopp til innhald

Spelefilm

Citizen Kane

Citizen Kane er ein amerikansk spelefilm regissert av Orson Welles. Filmen var Welles' regidebut og er rekna som ein av dei største internasjonale filmklassikarane nokosinne.

Om filmen

I byrjinga av filmen ser vi eit skilt der det står åtgang forbode. Bak eit nettinggjerde kan vi skimte eit eventyrliknande slott. Det er Xanadu, heimen til mediemogulen Charles Foster Kane som no ligg for døden.

I handa held Kane ei snøkule i glas av typen som det byrjar å snø i når ein ristar henne. Han kviskrar forsiktig ordet rosebud før snøkula glir ut av handa hans. Ho trillar ned på golvet og knuser. Kane er død.

Rosebud?

Etter at Kane er død, lagar filmrevyen News on the March eit innslag om livet hans. Journalistane ønskjer at innslaget skal seie noko om kven Kane verkeleg var. Dei håpar at det siste ordet hans på dødsleiet, rosebud, skal vere nøkkelen til dette. På norsk kan ordet rosebud omsetjast med rosenknopp.

Ein journalist ved namn Thompson blir send ut for å snakke med venner og familie av Kane slik at dei kan få klarheit i kven eller kva rosebud er. Gjennom dei ulike historiene frå menneske som kjende Kane godt, kjem eit stadig tydelegare bilete av karakteren hans fram.

Komplekst filmspråk

Filmen får ofte førsteplassen når filmvitarar og filmkritikarar skal kåre verdas beste filmar. Filmen er også kjend for å krevje mykje av publikum.

Han kan opplevast vanskeleg å forstå, mellom anna på grunn av dei mange forteljarperspektiva. Det er likevel ein viktig og aktuell film som tilbyr ei grunnleggjande innføring i filmspråk og forteljeteknikk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 19.08.2020

Læringsressursar

Filmanalyse