Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppgåver til filmen Citizen Kane

I tillegg til å tilby ei innføring i filmspråk gir Citizen Kane eit interessant tidsbilete frå det amerikanske samfunnet tidleg på 1940-talet. Her er analyseoppgåver til filmen.

Oppgåver

  1. Kvifor har filmen fått tittelen Citizen Kane?

  2. I Citizen Kane blir hendingar i fortid og i framtid sette saman som eit puslespel. Beskriv denne forteljeteknikken.

  3. Lag ei tidslinje der historia som blir presentert i filmen, blir skriven ned kronologisk, frå byrjing til slutt.

  4. Korleis blir verkemiddel som lys og skugge brukte i filmen?

  5. Forklar korleis musikk blir brukt i filmen, mellom anna for å binde saman scener.

  6. Kva kjenneteiknar kamerabruken i filmen?

  7. I kva sjanger eller sjangrar kan vi plassere filmen?

  8. Kven eller kva er rosebud?

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 19.08.2020

Læringsressursar

Filmanalyse