Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til Den danske dikteren

Den danske dikteren fekk stor merksemd då han vann Oscar for den beste animerte kortfilmen i 2007.
Her er oppgåver til filmen.

Oppgaver

  1. Korleis opnar filmen? Kva slags kjennskap får du for eksempel til forteljaren i starten?
  2. Kva for eit perspektiv på tilværet får du allereie frå byrjinga?
    Kvifor skal Kasper, den danske diktaren, til Noreg?
  3. Kva motiverer Kasper til å lese Sigrid Undset sine bøker om Kristin Lavransdatter, og kva for ein funksjon får denne forteljinga i livet hans?
  4. Kva er «Skandinaviske forvirringar»? Kjenner du til fleire eksempel på slike «forvirringar» enn dei som blir viste i filmen?
  5. Korleis blir dei ulike miljøa i filmen skildra, for eksempel kaiene i København og i Oslo når passasjerar går av båten, livet på garden der Ingeborg bur, og området der Kasper bur i København? Kva for moment er med, i bilete og lyd, for å skape miljøa?
  6. Kvifor kjem aldri Kasper til Sigrid Undset sin heim?
  7. Korleis utviklar forholdet mellom Kasper og Ingeborg seg, og kvifor kan ho ikkje gifte seg med Kasper?
  8. Kva slags funksjon får trilogien om Kristin Lavransdatter for Ingeborg i valet hennar? Drøft: Seier dette noko om litteraturen sin innverknad i livet hennar – og kan det seie noko om den betydninga litteraturen har i livet til eit menneske generelt?
  9. Kva for ei symbolsk handling utfører Ingeborg når ho og Kasper har skilst? Korleis tolkar du dette?
  10. Kasper sørgjer veldig etter at han må gi slepp på Ingeborg, men doktor Mørk trøyster han med det som ofte er sett på som ein kunstnarmyte: at det kjem stor kunst ut av liding. Kjenner du til andre stader, i litteraturen eller i verkelegheita, der denne kunstnarmyten blir tematisert? Diskuter: Trur du ein er mest kreativ når ein lir?
  11. I filmen skjer det ei rekkje samantreff. Kva for rekkje av samantreff er det som fører Kasper og Ingeborg saman att? Og kva for rekkje av samantreff er det som fører til at forteljaren i filmen kjem til?
  12. Kva slags livssyn eller kva for ein bodskap tenkjer du filmen, med denne rekkja av samantreff, formidlar?

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2020

Læringsressursar

Filmanalyse