Hopp til innhald

En vei formet som en filmstripe strekker seg mot horisonten. Manipulert foto.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Filmanalyse

Filmanalyse handlar om å studere dramaturgien og forteljeteknikken i filmen. Det kan hjelpe deg til å fange den djupare meininga i filmen, og gjere deg til ein meir kritisk mediebrukar.

Ein veg forma som ei filmstripe strekkjer seg mot horisonten. Manipulert foto.

Filmanalyse er noko du skal jobbe med i fleire fag som til dømes mediefag, norsk og engelsk. På same måte som når du i analyse av bøker er på jakt etter å finne ut av kva forfattaren vil med teksten, skal du i ein filmanalyse undersøkje kva filmen fortel på eit djupare plan.

Filmanalyse kan lære deg mykje om filmspråk og om film generelt, og ein kan leggje vekt på mange sider ved filmmediet. Om du vel å undersøkje den dramatiske oppbygginga i filmen, karakterar, sjanger, bruken av filmatiske verkemiddel eller temaet for filmen, kjem an på kva for spørsmål du ønskjer å få svar på i analysen.

Emner

Filmanalyse

  • 12 Years a Slave

    Filmen 12 Years a Slave fortel den sanne historia om Solomon Northup, og gir ei sterk skildring av slaveriet i USA.

  • Citizen Kane

    Denne filmklassikaren frå 1941 har fleire gonger blitt kåra til verdas beste film.

  • Den danske dikteren

    Animasjonsfilm regissert av Torill Kove. Ein varm film som formidlar noko allmennmenneskeleg om dei store temaa i livet: døden, kjærleiken – og kunsten.

  • Ei historie om den underfundige Amélie som prøver å gjere verda til ein betre stad gjennom dei små, skjulte løyndommane sine.

  • Den store skjønnheten

    Italiensk gåvepakke til alle filmelskarar! Bli med til eit blendande vakkert Roma gjennom ein fascinerende og velkomponert film.

  • Federico Fellini: 8 1/2

    Federico Fellini sin film 8 ½ blir rekna som eit av hovedverka i filmhistoria.

  • Louder than Bombs

    Louder than Bombs handlar om sorg, tap og familierelasjonar. Historia blir fortald gjennom tilbakeblikk, draumar og stilsikre verkemiddel.

  • Million Dollar Baby

    Amerikansk spelefilm frå 2004. Filmen er regissert av Clint Eastwood, som også spelar rolla som boksetrenar.

  • Salmer fra kjøkkenet

    Salmer fra kjøkkenet er ein norsk spelefilm frå 2003. Filmen er regissert av Bent Hamer.

  • Snø

    Den norske kortfilmen «Snø» (2013) handlar om ein komponist som prøver å fange lyden av snøfnugg.

  • Thelma

    Ei ung kvinne sin kamp med indre demonar er utgangspunktet for denne filmen, som har blitt hylla av filmkritikarar i både inn- og utland.

  • The Wall

    Bli med inn i ein dyster framtidsvisjon i denne kortfilmen frå 2012.

  • Tuba Atlantic

    Oskar skal døy om seks dagar og vil forsonast med bror sin på andre sida av Atlanteren. Korleis få kontakt? Ved å vekkje til live verdas største tuba!

  • Upperdog

    Upperdog er ein spelefilm med fleire plott. Dei blir vovne i kvarandre og skaper ei vakker forteljing om korleis skjebnar kan bli prega av plutselege brot og møte.

  • Å vokte fjellet

    «Å vokte fjellet» er ein prislønt kortfilm laga som eksamensfilm på filmskolen på Lillehammer av regissøren Izer Aliu.

  • Å vende tilbake

    Spelefilmen «Å vende tilbake» handlar om korleis deltakinga i krigen i Afghanistan har påverka den psykiske helsa til ein norsk offiser.

  • Skylappjenta

    Kortfilmen Skylappjenta, ein moderne versjon av «Raudhette og ulven», er ein animasjonsfilm med ekte skodespelarar.

  • The Imitation Game

    The «Imitation Game» er basert på den banebrytande krigsinnsatsen til Alan Turing for å avdekkje den løynde radiokommunikasjonen til Nazi-Tyskland.

  • Hilbes biigá

    «Hilbes biigá» er ein pønkete samisk ungdomsfilm om venskap, sjalusi, seksualitet og lengsel.

  • Rebel (Bihttoš)

    Den eksperimentelle dokumentarfilmen Rebel (Bihttoš) er laga av filmskapar Elle-Máijá Tailfeathers. Filmen handlar om Tailfeathers' eiga familiehistorie.

  • Whale Rider

    Ifølgje Whangara-folket sine legender kom forfaren deira ridande til kysten av New Zealand på ryggen av ein kval for over tusen år sidan.