Hopp til innhald

Bildet er filmplakaten til Hamsunds Victoria
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. Filmatiserte bøkerChevronRight
  5. VictoriaChevronRight
  6. Oppgåver til filmen VictoriaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Oppgåver til filmen Victoria

Victoria er ein film om ulykkeleg kjærleik mellom møllarsonen Johannes og slottsherredottera Victoria. Filmen byggjer på Knut Hamsun sin klassiske roman frå 1898.

Om filmen

Filmen startar med eit tilbakeblikk der vi møter hovudkarakterane Johannes og Victoria som barn. Dei to har ein nær vennskap og gøymer seg ofte bort frå dei andre barna for å vere saman aleine. Det varme forholdet mellom dei kjem tydeleg fram i ei av dei første scenene. Vi ser korleis Johannes ber Victoria over ei blomstereng. Dei set seg ned i enga, og Johannes fortel eventyr for Victoria.

Då Johannes blir eldre, byrjar han å studere på universitetet, og han blir lagd merke til som forfattar. Han og Victoria treffast då han kjem tilbake til heimstaden. Då er det fleire år sidan dei to sist har sett kvarandre. Victoria har høyrt at Johannes skriv dikt, og ber om at han skriv eit dikt til henne.

Far til Victoria får etter kvart økonomiske problem, og for å komme ut av uføret blir det bestemt at Victoria skal gifte seg med rikmannssonen Otto. Victoria er ulykkeleg over dette. Ho elskar Johannes, og Johannes elskar henne. Dei store sosiale skilnadene gjer det derimot umogleg for dei å leve ut kjærleiken.

Oppgåve 1 – Nyromantikken

Hamsuns Victoria blir rekna som ein del av den litterære strøyminga på slutten av 1800-talet som blir kalla nyromantikken.

  1. Kva var nyromantikken ein reaksjon på?
  2. Kva er typisk for litteratur frå denne tidsepoken?

Oppgåve 2 – Verkemiddel

I rulleteksten i innleiinga av filmen får vi fleire hint om kva tidsepoke filmen skildrar. Dette er også tydeleg i bruken av kostyme og rekvisittar.

  1. Sjå dei første minutta av filmen og gi ei skildring av dei ulike verkemidla som er nytta.
  2. Korleis blir andre tidstypiske verkemiddel nytta, som kostyme og rekvisittar, i filmen?

Oppgåve 3 – Adaptasjon

  1. På kva måte er handlinga i filmen annleis enn handlinga i romanen til Hamsun?
  2. Er det noko som er utelate eller lagt til i filmatiseringa?
  3. Samanlikn korleis karakterane blir framstilte i romanen og i filmen.
  4. Er dette ein vellykka adaptasjon? Grunngi svaret ditt.

Læringsressursar

Victoria

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale