Hopp til innhald

 Trond Espen Seim som Varg Veum og Bjørn Floberg som politiførstebetjent Jacob Hamre
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. Filmatiserte bøkerChevronRight
  5. Varg Veum – Bitre blomsterChevronRight
  6. Varg Veum – ein norsk helt?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Varg Veum – ein norsk helt?

Varg Veum – Bitre blomster

I filmen Varg Veum – Bitre blomster (2007), basert på Gunnar Staalesens kriminalroman Bitre blomster (1991), vender den nettopp tørrlagde Varg tilbake frå eit opphald på rusklinikken. Han får i oppdrag å passe eit hus medan eigaren er borte, ei tilsynelatande enkel oppgåve.

Men ting flokar seg til, og snart er Varg involvert i ei av dei mest kompliserte sakene han har vore borte i. Privatetterforskaren må kjempe både mot korrupte samfunnstoppar og eit alltid mistenksamt politi.

Oppgåve 1

Les romanen Bitre blomster og sjå filmen med same namn.

  1. Er karakteren Varg Veum framstilt på same måten i filmen som i boka?
  2. Er miljøet hendingane går føre seg i, framstilt på same måten i filmen som i boka?
  3. Er forteljingsstrukturen i romanen og filmen identiske?
  4. Dersom ikkje, kva for endringar er gjorde i personskildring, miljøskildring og forteljingsstruktur i overgangen frå bok til film?
  5. Kva trur du grunnen kan vere til at romanen og filmen er ulike?

Oppgåve 2

Gjennom ei rekkje romanar, filmar og teikneseriealbum følgjer vi den drikkfeldige og noko loslitne privatetterforskaren Varg Veum i jakta hans på mordarar og kriminelle i den bergenske underverda.
Varg Veum-bøkene er på mange måtar ein norsk variant av den hardkokte krimsjangeren som oppstod i mellomkrigstida i USA.

Forteljingane inneheld gjerne ein kynisk hovudperson med lettare nevrotiske trekk, eit hardt samfunn, og vakre, men svikefulle damer (gjerne blondiner). Forteljemåten er knapp, med dialog og action som driv handlinga raskt framover.

  1. Varg Veum fekk det spesielle namnet sitt fordi faren var oppteken av norrøn mytologi. Søk på nettet etter forklaringa på uttrykket "varg i veum". Kva tyder det?
  2. Synest du namnet passar til Varg?
  3. Kva for helteeigenskapar synest du Varg Veum har?
  4. Kva for eigenskapar har han som vi vanlegvis ikkje forbind med ein helt?
  5. Samanlikn Varg Veum med den norske eventyrhelten Espen Oskeladd. Kva har dei to heltane felles?
  6. Kva for typisk norske verdiar vil du seie helten Varg Veum står for?
  7. Ein av dei mest kjende forfattarane innan den hardkokte kriminalsjangeren er amerikanaren Raymond Chandler. Hovudpersonen hans, Phil Marlowe, danna mønster for mange forfattarar. Les Gunnar Staalesens forteljing om då Varg Veum møter Phil Marlowe: Møte med en myte – Varg Veum møter Philip Marlowe
  8. Kva har desse to heltane felles?
  9. Kva er forskjellig?
  10. På kva måte vidarefører Varg Veum og Philip Marlowe heltemytane i den kulturen dei høyrer heime i?

Oppgåve 3

Skriv vidare på denne Varg Veum-historia:

Dette KUNNE ha vore starten på ei historie om den bergenske detektiven, men du kan få lov å plassere han andre stader i landet også, kanskje på heimstaden din:

Det var sånn omtrent tre om ettermiddagen at eg fekk telefon frå yndlingspolitien min.
Bråk i Hamnekneipa, mann slegen ned, død.
– Då har du ikkje bruk for hjelp frå denna karen, sa eg og skjulte ein geisp som knapt lèt seg høyre.
Overbetjent Hamre bjeffa rasande i røyret; – Kom deg på beina ditt fyllesvin, og kom hit på augneblinken!
Eg såg ingen grunn til å tirre Hamre. Han hadde meir enn nok på meg til å gjere livet surt for meg dei neste ti åra.
Eg tømte siste dråpen med akevitt, vrei flaska rundt for å sjå om det skulle vere noko meir i henne. Det var det ikkje.
Så slengde eg tomflaska i papirkorga og døra att etter meg. Ingen vits i å låse, her kom ingen likevel.

Hamnekneipa. Brun og losliten som ein gammal bjørn, tilfluktsstad for dei som hadde segla om koll på livets hav.
No var dei kollsegla jaga ut av onkel politi. Stort oppstyr på staden.
Politifotografen var akkurat ferdig, og eit par kvitkledde heldt på å bere ut stakkaren.
Lett båre, kunne ikkje vere store karen.

Hamre stod i eit hjørne, bøygd over ein røsleg kar som sat på ein stol, omgitt av to av Hamre sine gorillaer.
Nokre forskremde gjester i bakgrunnen. Yndlingspolitien min var i fin form, såg det ut til. Bjeffa og sikla.
– Var du åleine om dette, snerra han ned i det skjeggete andletet han hadde framføre seg.


Skriv vidare sjølv!


Læringsressursar

Varg Veum – Bitre blomster

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale