Hopp til innhald

Kortfilm

Reisen til planeten Nazar

Norsk-dansk animasjonsfilm frå 1983 av animasjonsfilmskapar Inni Karine Melbye. Manus er ved Arild Nyquist, og musikken til filmen er laga av Jan Gabarek.

Handling

Filmen baserer seg på Ludvig Holbergs roman Niels Klims underjordiske rejse frå 1741 og fortel historia om studenten Niels. Han fell ned i ei grotte og endar i ei underjordisk verd.

Den underjordiske verda blir kalla planeten Nazar. Her møter Niels underlege, menneskeliknande tre.

Inni Karine Melbye

Regissør Inni Karine Melbye (1937–2018) blir rekna som ein pionér i det norske amimasjonsfilmmiljøet.

Ho spela ei viktig rolle i arbeidet med å bringe internasjonal animasjon til Norden og nordisk animasjon ut i verda.

Melbye er blant anna kjend for dei animerte vignettane sine for NRK, slik som Tryllekassen (1985).

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson . Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Filmatiserte bøker