Hopp til innhald

Fantasibilde der ei gigantisk stor bok står plassert midt i et naturlandskap. Dominerende farger er gult, grønt og grått. Inn mot de oppslåtte boksidene er det plassert et tre og en liten rød benk. Kollasj.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. Filmatiserte bøkerChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Filmatiserte bøker

Filmatiserte bøker blir også kalla for adaptasjonar. Ein filmatisert roman eller ei novelle gir mange moglegheiter til å diskutere både film og litteratur i klasserommet.

Fantasibilde der ei gigantisk stor bok står plassert midt i et naturlandskap. Dominerende farger er gult, grønt og grått. Inn mot de oppslåtte boksidene er det plassert et tre og en liten rød benk. Kollasj.

I analyse av filmatiserte bøker undersøkjer du korleis filmen skil seg frå det litterære verket. Somme gonger kan det vere vanskeleg å kjenne att den historia du kjenner frå ei bok du har lese etter at ho har blitt filmatisert. Andre filmar er meir tru mot den originale historia.

Eit viktig skilje mellom ein roman og ein film er korleis karakterane blir framstilte. I romanar får du ofte tilgang til karakterane sine inste tankar og kjensler. Filmar viser i større grad karakterane utanfrå.

Emner

Filmatiserte bøker

  • Arn – Tempelridderen

    Arn – Tempelridderen (2007) byggjer på Jan Guillous kjende romantrilogi om Arn Magnusson.

  • Halvbroren

    TV-serien «Halvbroren» byggjer på ein roman av Lars Saabye Christensen; ein familiesaga gjennom fire generasjonar og ein drøss med mørke røyndommar.

  • Beatles

    Beatles byggjer på Lars Saabye Christensens kjende roman med same namn. I filmen blir du kjend med fire Beatles-fans frå Oslo på 60-talet.

  • Fru Inger til Østråt

    Fru Inger til Østråt er ein norsk spelefilm frå 1975, basert på Henrik Ibsen sitt teaterstykke frå 1857.

  • Herman

    «Herman» er ein norsk spelefilm frå 1990 som byggjer på romanen av Lars Saabye Christensen med same namn.

  • Himmelen bak huset

    Himmelen bak huset (2011) er ein novellefilm som byggjer på ei novelle av Gaute Heivoll.

  • Is-slottet

    Is-slottet er ein film som freistar å overføre Vesaas sitt vare og stemningsfulle univers til lerretet.

  • Jane Eyre

    I denne filmatiseringa av «Jane Eyre» får den tidlause historia til Charlotte Brontë tilført nytt liv.

  • Kristin Lavransdatter

    Liv Ulmann sin film «Kristin Lavransdatter» byggjer på Sigrid Undset sin kjende trilogi om heltinna med same namn.

  • Reisen til planeten Nazar

    Ei animert filmatisering av Ludvig Holbergs roman «Niels Klims underjordiske rejse» frå 1741.

  • Sinna mann

    Norsk animasjonsfilm av filmskapar Anita Killi om vald i nære relasjonar. Filmen er basert på ei biletbok av Gro Dahle og Svein Nyhus.

  • Trost i taklampa

    By møter bygd i denne spelefilmen frå 1955, som er basert på ein roman av Alf Prøysen.

  • Varg Veum – Bitre blomster

    «Varg Veum – Bitre blomster» (2007) er basert på Gunnar Staalesen sin kriminalroman med same namn. Filmen er regissert av Ulrik Imtiaz Rolfsen.

  • Victoria

    Filmatisering av Knut Hamsuns roman med same namn, skriven i 1898.

  • Wuthering Heights

    «Wuthering Heights» har engasjert lesarane gjennom mange generasjonar. Oscar-lønte Andrea Arnold gjer han på ny aktuell.

  • Å drepe et barn

    Filmatisering av Stig Dagerman si novelle «Att döda ett barn».

  • Kule kidz gråter ikke

    Sterk spelefilm om den aktive fotballjenta Anja som får ein alvorleg kreftdiagnose. Filmen er basert på ein nederlansk bok- og filmsuksess.

  • Saras nøkkel

    Spelefilm frå 2010 basert på boksuksessen til Tatiana de Rosnay. Romanen låg heile 90 veker på bestseljarlista til New York Times.