Hopp til innhald

Filmklapper
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Filmkunnskap

Kunnskap om film som uttrykk er sentralt i fleire fag. Arbeid med tverrfaglege tema som filmhistorie og filmanalyse gir deg innblikk i filmmediet frå ulike perspektiv.

Filmklappar

Filmskaparar har i dag ei rekkje verkemiddel dei kan bruke når dei skal lage film. Korleis ein byggjer opp historia, kvar det skal klippast og korleis ein framstiller karakterane er berre nokre av vala ein må gjere i ein filmproduksjon.

Filmane som er tilgjenglege på NDLA film, eller som du ser på kino med venner ein laurdagskveld, er inspirert av filmar som er laga tidlegare og av hendingar i samfunnet. Opp gjennom filmhistoria er det mange døme på korleis teknologiske og samfunnsmessige endringar er med på forme uttrykket i filmane.

Kunnskap om både filmhistorie og filmproduksjon er nyttig å ha med seg når du til dømes skal analysere ein film, eller lage film sjølv. Det gir deg verktøya og omgrepa du treng til å skildre eller planleggje filmatiske verkemiddel, og til å setje filmen inn i ein historisk og kunstnarisk samanheng.

Emner

Filmkunnskap

  • Filmanalyse

    Film og levande bilete er ein stor del av mediekvardagen vår. Når du analyserer filmar lærer du deg ein systematisk måte å sjå, oppdage og vurdere dei ulike kvalitetane i ein film på.

  • Filmatiserte bøker er filmar som byggjer på litterære verk som romanar eller noveller.

  • Filmhistorie

    Uttrykksforma og forteljeteknikken til filmar har endra seg frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. For å forstå filmmediet er det viktig å kjenne til filmhistoria.

  • Filmproduksjon

    Filmproduksjon handlar om ulike prosessar og kunnskapar, frå idé til ferdig film.