Kinesisk

  1. Home
  2. KinesiskChevronRight
SubjectEmne

Emner

Filter

Kinesisk 1

  • Introduksjon til kinesisk

    Det kinesiske språket er svært forskjellig frå det norske og kan synast krevjande å lære. Men språket har òg trekk som vi lett kan kjenne att.

  • Leksjon 1: Hei!

    Helsing er enkelt på kinesisk. Her lærer du det.

  • Leksjon 3: Familie

    Familie er eit naturleg samtaleemne når ein skal bli kjend med nokon. Lær korleis du snakkar om familien din på kinesisk.

  • Leksjon 4: Å studere kinesisk

    Alle lærer på ulike måtar og i ulikt tempo. Slik er det òg med kinesisk. Lær å snakke om korleis det er å studere kinesisk.

  • Leksjon 5: Hobbyar

    Kinesisk ungdom liker å drive med kalligrafi, wushu og språklæring på fritida. Lær korleis du på kinesisk fortel kva hobbyar du har.

  • Leksjon 6: Tid

    Tradisjonelle kinesiske oppfatningar av tid er framleis aktuelle i dagens Kina. Lær om tidsomgrep og korleis du snakkar om tid på kinesisk.

  • Leksjon 7: Å ete på restaurant

    Den rikhaldige kinesiske matkulturen har lange tradisjonar. Lær om kinesisk matkultur, og lær å snakke om mat på kinesisk.

  • Leksjon 8: Å feire bursdag

    I dag blir bursdagar for barn og unge i Kina feira på nokså same måte som i Vesten. Lær om bursdagsfeiring i Kina og korleis du snakkar om bursdagar på kinesisk.

  • Leksjon 9: På kjøpesenteret

    «Forbruk» er eit positivt lada ord blant kinesarar, noko som har historiske årsaker. Lær om Kina som forbrukarsamfunn og kva du seier på kinesisk når du handlar.

  • Leksjon 10: Transport

    Kina har godt utbygde vegnett og jernbanelinjer. Lær korleis du snakkar om transport på kinesisk.

  • Leksjon 11: Vêr og årstider

    Vêr og årstider i Kina varierer stort frå region til region. Lær om klimaet i Kina og korleis du snakkar om vêret på kinesisk.

  • Leksjon 12: Arbeid

    Arbeidslivet i Kina har endra seg enormt i prosessen med å bli eit moderne industrisamfunn. Lær korleis du snakkar om yrke på kinesisk, og lær om ulike yrke i Kina.

  • Kinesisk film

    I dette emnet lærer du om kinesisk filmhistorie. I tillegg blir eit utval kinesiske filmar presenterte.

Kinesisk 2

  • Leksjon 1: Reise

    Før du skal ut på reise i Kina, må du planleggje turen. Det første du bør gjere er å velje reisemål. Lær korleis du legg reiseplanar på kinesisk.

  • Leksjon 2: På tur til Shanghai

    Når du skal ut og reise i Kina, må du først bestille billettar og hotell. Og når du er framme på hotellet, må du sjekke inn. Her lærer du korleis du gjer dette på kinesisk.

  • Leksjon 3: I Shanghai

    Sightseeing i ein storby kan by på noko for alle. Lær korleis du bruker kinesisk til å planleggje sightseeing.

  • Leksjon 4: I dyrehagen

    Å dra på besøk til dyrehagen kan vere ein artig aktivitet. Lær korleis du snakkar om dyr på kinesisk.

  • Leksjon 5: Hos legen

    Å bli sjuk i utlandet kan vere ei utfordring. Lær kva du seier på kinesisk når du må til legen.

  • Leksjon 6: Å handle klede

    Det er viktig å kunne uttrykkje seg korrekt når ein skal handle. Lær kva du seier på kinesisk når du kjøper klede.

  • Leksjon 7: På deit

    Deiting i forskjellige land er påverka av kulturelle normer. Lær om korleis kinesisk ungdom deitar, og kva du seier på kinesisk på eit stemnemøte.

  • Leksjon 8: Å spørje om vegen

    Det kan vere utfordrande å finne fram når du er på ein framand plass. Lær korleis du spør om vegen på kinesisk.

  • Leksjon 9: WeChat

    Kinesarar bruker sosiale medium like flittig som oss nordmenn. Lær om kva appar kinesarane bruker, og lær å snakke om sosiale medium på kinesisk.

  • Leksjon 10: Å vere gjest

    Å bli invitert heim til ein kinesisk familie kan vere ei spennande erfaring. Lær kva du bør seie på kinesisk, og korleis du bør oppføre deg.

  • Leksjon 11: Idrett

    Idrett engasjerer på tvers av kulturar og kan vere eit godt samtaleemne mellom kinesarar og nordmenn. Lær korleis du snakkar om idrett og trening på kinesisk.

  • Leksjon 12: Nyhende

    Nyhendesjangeren kan vere utfordrande. Få eit første innblikk i kinesiske nyhende.

  • Litteratur i Kina

    Kina si litterære tradisjon er lang og rikhaldig. Dette emnet gir ei innføring.

Om kinesisk

Kinesiske røde lykter med tegnet for lykke skrevet på. Foto.

Om kinesisk

Kinesiskfaget gir deg grunnleggande innsikt i kinesisk språk, og i levemåtar og tankesett i Kina. Språklege ferdigheiter i kinesisk og innsikt i kinesisk kultur er viktig for alle som jobbar i internasjonal samanheng. I tillegg gjer faga deg meir medviten om særdrag ved eige språk og kultur.

Nyheitsbrev

Hald deg oppdatert. Abonnér på siste nytt frå NDLA.

Twitter

Facebook