Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive kreativtChevronRight
  5. Korleis lage metaforar i sakprosa?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Korleis lage metaforar i sakprosa?

Metaforar høyrer ikkje berre heime i dikt. Korleis og kvifor skal du bruke metaforar når du skriv sakprosa som fagartiklar, debattinnlegg og lesarinnlegg?

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Alle oppgåvene under gir døme på god bruk av metaforar. Målet er at du skal kunne overføre dette til skriving av eigen sakprosa. Bruk metaforar innimellom. Det er ikkje slik at alle avsnitt i teksten din bør innehalde ein metafor; det kan bli for mykje av det gode. Tenk på det som eit krydder.

Samtidig vil det å berre omtale metaforane som eit krydder, vere å nedvurdere dei. Dei kan nemleg overtyde og vere like slagkraftige som sakleg argumentasjon.

Oppgåve 1

God metaforbruk viste Noregs tidlegare statsminister, Kåre Willoch, som gjest i NRK-programmet Lindmo 28. september 2018. Her fortalde han korleis han bruker eit bilete, som vi òg kalle ein metafor, for å overtyde klimaskeptikarar om å ta seg saman:

"Det begynner å haste med å unngå at menneskeheten skaper svære problemer for seg selv ved å forandre jordens klima. Så sier noen: Ja, men det vet vi ikke helt sikkert, og det er der jeg tillot meg å bruke dette bildet: Er det risiko for at menneskene ødelegger klimaet? Svaret er klart ja. Tror du at huset ditt brenner ned? Nei ... Men du tegner jo brannforsikring likevel? Ja, selvfølgelig, for det er risiko for det! Så til klimaskeptikerne, som de våger å kalle seg, vil jeg si: Det er så høy risiko for at menneskene ødelegger jordens klima at nå må vi ta oss sammen og unngå denne katastrofen." (Willoch, 2018)

Her kan du kan sjå klippet av Kåre Willoch på Lindmo på NRK (frå 33:13).

  1. Videoen av Kåre Willoch slo an, og han vart lovprist for utsegna si. Kvifor er dette ein slagkraftig og god metafor?
  2. Kan de kome på andre gode metaforar som kan framstille klimakrisa? Skriv gjerne ned, og les høgt i klassen.

Oppgåve 2

I utdraget frå ein elevtekst (under), ønskjer eleven å få fram at lover og reglar er absolutt nødvendige i eit samfunn. I staden for å skrive og utdjupe dette reint sakleg, bruker han eit bilete:

"En unge på syv år som har hatt godteriforbud hele livet blir gitt 400 kr og kastet inn i en godteributikk. Hva skjer da? Selvfølgelig kommer denne ungen til å bruke alle pengene på godteri, spise det, bli kvalm, spy, så spiser han litt til og får diabetes type II. Poenget er: Vi må ha restriksjoner. Ikke totalt godteriforbud, men man skal heller ikke kunne kjøpe godteri for alle pengene. Restriksjonene fungerer som et sikkerhetsnett." (Selen, 2008)

  1. Korleis synest de dette biletet fungerer for å overtyde om kor viktig lover og reglar er?
  2. Jobb gjerne i par eller grupper: Lag ein metafor med mål om å overtyde lesaren din om ei sak. Vel emne sjølv, eller bruk eitt av døma under som inspirasjon.

    • Skriv eit avsnitt som skal overtyde om at 16-åringar må få røysterett. Korleis kan du bruke ein metafor for å få fram kor urettferdig det er at 16-åringar ikkje kan vere med å bestemme over landet dei bur i?
    • Skriv eit avsnitt der de argumenterer for at det bør vere fri mobilbruk i alle skuletimar. Målgruppa er lærarar og skuleleiarar, så her må de nok bruke ein kløktig metafor for å overtyde.
    • Lag ein metafor som skal overtyde skulepolitikarane om at leksefri skule må innførast i alle skular i Noreg.

Oppgåve 3

Det kan vere vanskeleg å argumentere for at bruk av engelske låneord i norsk er positivt, men i utdraget frå teksten med namnet "1 800 000 000 > 4 600 000" skriv ein elev følgjande:

"Man sier to hoder jobber bedre enn ett. Og 1,8 milliarder hoder (antall mennesker i verden som snakker engelsk som første- eller andrespråk) jobber bedre enn 4,7 millioner (4 700 000 norsktalende). Den norske ordboken har rett og slett ikke nok muskler til å konkurrere mot den engelske tungvekteren. Selvfølgelig har vi mange gamle ord som er unike og bare brukes i Norge, men jeg bruker ordet laptop mye oftere enn jeg bruker ordet ljå. Og alle disse nye ordene trenger navn. Hva skal man gjøre da? Skal man reservere en side i avisene hver dag hvor man skriver ned hva de nye ordene er på norsk?" (Selen, 2007)

  1. I dette sitatet er ordbruken både gjennomført og har snert. Marker eller skriv ned éi eller fleire setningar som du liker godt. Grunngi svaret ditt.
  2. Skriv eit avsnitt med ein metafor som argumenterer for at multietnolekten kebabnorsk bør erstatte nynorsk som sidemål i skulen.

Kjelder

Selen C.P. (2008, 28. januar). Flamencokjoler og superego (elevtekst).

Selen C.P. (2007, 16. oktober). 1 800 000 000 > 4 600 000 (elevtekst).

Sist oppdatert 19.12.2019
Tekst: Åsa Abusland (CC BY-SA)

Læringsressursar

Å skrive kreativt

MenuBook

Læringssti

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar