Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive kreativtChevronRight
  5. Skriv eit Knausgård-inspirert essayChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Skriv eit Knausgård-inspirert essay

Du har fått (eller valt) eit tema du skal skrive essay om. Når du har jobba deg gjennom alle punkta i idéutviklinga og sett døme på Knausgård sine verkemiddel, er det på tide å setje saman idéar og verkemiddel.

En flue sitter på en blomst. Foto.
Knausgård skriv eit essay om flua. Kva objekt eller tema skriv du om?

Du skal bruke dine eigne stikkord som utgangspunkt og herme etter Knausgård sin stil. Ta for deg kvart verkemiddel, og la deg inspirere av sitata som viser korleis Knausgård formulerer seg. Slå deg laus når du skriv inn i malen under. Dette er ein kladd. Finpussinga gjer du heilt til slutt.

Skriv ferdig teksten din

Bruk desse råda når du skal gjere alt forarbeidet om til eit ferdig essay:

  • Prøv å skrive små avsnitt til kvart av verkemidla i skrivemalen over.
  • Det kan vere lurt å skrive fleire forslag til kvart verkemiddel.
  • Når du har skrive deg gjennom alle verkemidla, sorter det du har skrive i avsnitt.
  • Hugs at ein skal kunne lese teksten som ei tankerekke. Det skal vere ein raud tråd som er lett å følgje, så sjekk at du held deg til temaet gjennom heile teksten.
  • For å få til god flyt, må du sjå på korleis du bind saman teksten. Pass på at siste setning i eit avsnitt leiar til første setning i neste avsnitt.
  • Du lagar overgangar mellom avsnitta heilt til slutt.
  • La en medelev eller læraren lese gjennom teksten din og kome med innspel før du eventuelt leverer teksten til vurdering.

Læringsressursar

Å skrive kreativt

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter