Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive kreativtChevronRight
  5. Kva er ein kreativ tekst?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er ein kreativ tekst?

Ei skriveoppgåve kan be deg om å skrive ein kreativ tekst. Men kva vil det seie at noko er kreativt? Ordet kreativ betyr å skape. Dei fleste legg i omgrepet at det som blir skapt, skal vere fantasirikt og nytenkande.

Kvinne som tenker. Grafisk.

I norskfaget reknar vi essay, kåseri og noveller som kreative sjangrar. Det betyr ikkje at du ikkje kan vere kreativ i andre typar tekstar, men akkurat desse tre sjangrane har tydelege kreative sjangertrekk. Ber oppgåva deg om å skrive ein kreativ tekst, kan du derfor skrive ein av desse.

Du kan også blande trekk frå fleire sjangrar, som å veksle mellom å fortelje (novelle) og reflektere (essay). Du kan også veksle mellom å vere sakleg (essay) og humoristisk (kåseri), men pass på at det er tydeleg for lesaren når du bruker verkemiddel som ironi og sarkasme.

Kreativt innhald

Det viktigaste i ein kreativ tekst er at du viser sjølvstendig refleksjon, nye perspektiv og innfallsvinklar til eit tema. Dette krev at du klarar å hente opp mange idéar og tankar knytt til det temaet du skal skrive om.

Du bør også tenkje over kva du har lært om temaet i dei forskjellige faga du har. Det kan gi deg fleire innfallsvinklar. I nokre skriveoppgåver vil det også stå at du skal vise fagleg forståing, og evne til å trekkje linjer til språk- og kulturhistorie.

Kreativt språk

Eit anna trekk ved kreative tekstar er at dei har eit kreativt språk og ein medviten bruk av språklege verkemiddel. Det betyr for eksempel at du bruker adjektiv til å farge språket, metaforar og samanlikningar, gjentakingar og ordspel. Du kan leike med språket, vri og vende på kjende uttrykk.

Igjen er det viktig at det blir tydeleg for lesaren at du er medviten kring dei språklege vala du tek. Det kan du blant anna gjere ved å bruke same verkemiddel fleire stader. I tillegg til at det understrekar at det er eit medvite, språkleg val, er gjentakingane med på å skape heilskap i teksten.

Ein god tekst krev grundig arbeid

Å skrive ein god kreativ tekst krev altså eit godt forarbeid der idéfasen er avgjerande. Som i alle tekstar du skriv, er god struktur og ein tydeleg raud tråd viktig. Før du leverer frå deg teksten, er det derfor viktig at du sjekkar at teksten flyt godt. Det gjer den når det er lett å følgje tankane dine frå avsnitt til avsnitt. Det krev litt trening å sjå dette i sin eigen tekst, så la gjerne nokon andre lese og kommentere det du har skrive.

Læringsressursar

Å skrive kreativt

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter