Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive kreativtChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Å skrive kreativt

Kreativitet er ikkje noko nokon berre har, og som plutseleg "dukkar opp". Dei gode ideane og nye innfallsvinklane kan alle oppdage, men det krev litt innsats. Lær deg korleis tekstane dine kan bli kreative!

Sjangrar med rom for kreativitet

Til vanleg tenkjer vi at kreativ tekstskaping handlar om å skrive skjønnlitteratur som romanar, noveller og lyrikk. Men det finst mange fleire sjangrar der du kan ta i bruk dei kreative evnene dine. I undervisningsfilmen over møter du til dømes ein artist som skriv eigne tekstar, ein teikneserieforfattar og ein livsstilsbloggar.

I skulesamanheng kan du bli bedd om å skrive dikt og noveller, men også kreative sakprosatekstar som kåseri og essay. Dette er to sakprosasjangrar med stor vekt på kreativ og god språkbruk, der forfattaren har ganske stor fridom til å forme teksten etter eige ønske. Men også i andre sakprosasjangrer, som fagartikkelen, vil nokre kreative grep kunne gjere teksten din enda betre.

I dette emnet får du råd om korleis du kan skape gode og interessante tekstar innanfor både sakprosa- og skjønnlitterære sjangrar.

Læringsressursar

Å skrive kreativt