Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive argumenterandeChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Å skrive argumenterande

Når vi vil påverke og overtyde andre, må vi argumentere. Vi kan skrive argumenterande i mange sjangrar, men enkelte sjangrar er skreddarsydde for formålet, til dømes debattinnlegget, debattartikkelen og kommentaren.

Mann som viser fram ei avisside med tittelen: Nå må noe gjøres! Tittelen er satt med veldig store bokstaver. Foto.
28.3.2000: Eit tusenårsskifte er eit framifrå høve til å snakke om framtida! Hans Petter Sveen valde å setje inn ein heilsides annonse i Aftenposten for å fortelje norske politikarar kva dei bør gjere i energi- og miljøpolitikken.

Tekstar med ulik "temperatur"

Argumentasjonen i ein tekst kan vere mer eller mindre balansert. I ein jobbsøknad bruker du ikkje plass på å skrive om det du ikkje kan, men om det du faktisk har gjort og lært, og du gjer sjølvsagt det du kan for å gi eit positivt inntrykk. I eit debattinnlegg skal du fatte deg kort, og då gjeld det å velje dei sterkaste argumenta som støttar opp under ditt syn. Både i søknaden og i debattinnlegget skal du som skrivar vere godt synleg.

I ein drøftande eller resonnerande tekst som du skriv på skulen, skal du på ein ryddig måte presentere argument for og imot slik at du kan kome fram til ein grunngitt konklusjon. I denne typen tekstar skal du leggje særleg vekt på sakleg framstilling, og du som person skal vere langt mindre synleg i teksten. Kan hende at du ein gong i framtida har ein jobb der du planlegg prosjekt? Der du må undersøkje om eit prosjekt er miljøvennleg, til dømes? Eller lønsamt? Også då må du og kollegaene dine hente inn informasjon, vurdere og diskutere han og til slutt kome med ei fagleg og faktabasert tilråing.

Læringsressursar

Å skrive argumenterande