Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive fordjupingsoppgåveChevronRight
  5. DiskursanalyseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Diskursanalyse

Diskursanalyse er analyse av diskursar, verken meir eller mindre. Vi må altså finne kva som er diskursen; den offentlege samtalen, føresetnadene som ligg til grunn, maktsentra og det menneske innanfor ein diskurs synest er normalt og opplagt.

Nærbilde av møkkete arbeidsnever. Foto.
Korleis ser diskursen om mannsrolla ut?

I diskursanalyse er målet å analysere både det språklege og det materielle innhaldet i ein diskurs. Eit utgangspunkt er tekstar. Då meiner vi det utvida tekstomgrepet: skrift, tale, film, musikk, lyd, aviser, teikneseriar, og det vi i KK1 kalla samansette tekstar eller multimodale tekstar. Men i tillegg kan også personar, samfunnet og prosessar i samfunnet tolkast som tekst (teikn og meldingar), slik som vi har sett i semiotikken.

Forskeren ein del av diskursen

I diskursanalysen skaper ein ikkje kunstige eksperiment, men studerer det som finst, til dømes aviser, arkiv, bloggar eller aktuell samfunnsmessig debatt eller konflikt. Forskaren blir ikkje sett på som objektiv. Tvert imot, han eller ho er ein del av diskursen. For å gjere ein diskursanalyse, må ein kjenne godt til dei tekstane som er aktuelle å studere nærmare før ein begynner på analysen. Ein bør også gjere greie for sine eigne føresetnader.

Analysemodell

Det finst fleire måtar å utføre ein diskursanalyse på. Her skal vi setje opp ein enkel analysemodell som kan fungere som ei minneliste over dei trinna ein kan gå gjennom. Vi har valt ut nokre diskursanalytiske omgrep som kan vere nyttige i ein samfunnsanalyse og illustrert dei nedanfor.

Representasjonar er ting og fenomen i den forma dei blir presenterte for oss, altså ikkje tinga i seg sjølve, men tinga «silte» gjennom det som kjem mellom oss og verda, som språket, kategoriane, slagord eller sosial praksis. Tinga blir ikkje berre presenterte, men re-presenterte, om og om igjen, og får dermed ei viss tyngd i diskursen.[1]

Døme

«Mann» representerer styrke, fornuft, fotball (og mange andre ting) i kontrast til «kvinne» som representerer veikskap, omsorg og matlaging. Gjeldande diskurs gir altså instruksjonar til korleis skiftevis mann og kvinne skal oppføre seg for å bli rekna som mann og kvinne. Slike identitetar kan aksepterast, forhandlast eller forkastast i diskursive prosessar. Identitet på denne måten blir altså definert sosialt, (og ikkje av individet sjølv).

Re-visjon og re-presentasjon

Men diskursen kan endre seg, representasjonane blir ikkje berre tekne opp att. Det kan oppstå variasjonar som etter kvart fører til ei dreiing av diskursen. Då skjer det ein re-visjon (sett på nytt) og ny re-presentasjon (presentert på nytt).

Døme

Kvinnerolla har blitt nokså mykje endra i løpet av dei siste 50-60 åra. Etter krigen blei denne rolla stort sett assosiert med «heimeverande husmor» eller unntaksvis som «yrkeskvinne». Dersom ein ser gamle reklamar, ser vi korleis reklame for vaskemiddel einsidig vende seg til kvinnene. Det var ikkje venta at menn skulle røre skittentøyet. Mennene skulle heller ikkje røre barnevogna eller skifte bleier.

Blendareklamen viser ei tradisjonell kvinnerolle på 50-talet.

Gamle reklamar for Blenda og Persil vender seg berre til kvinner som set si ære i å gjere huset og tøyet reint. Regularitetar er sosial praksis som held oppe diskursen.

Døme

Etter krigen var det vanleg at jentene som var ferdige med vidaregåande (gymnaset), tok husmorskolen for å lære matlaging, vask, og barnestell slik at dei kunne førebu seg til husmorrolla. Slike regularitetar heldt oppe husmordiskursen.

Verkeligheitsforståinga til institusjonen

Når tilhengjarar av same representasjon (dei som gjer krav på rett forståing av røyndommen) blir medlemmer av ein institusjon, slik at dei blir omfatta av dei lovene og reglane som institusjonen har, har dei blitt institusjonaliserte.

Individet sin livsførsel blir då prega av korleis institusjonen forstår det verkelege livet. Det treng ikkje vere ein formell institusjon, det kan vere ein praksis som blir institusjonalisert. Ein institusjonalisert representasjon eller praksis utgjer då ein posisjon i diskursen.

Døme

I dag er det vanleg at jentene tek utdanning eller praksis for å sikre den faglege karrieren sin før dei får barn. Sjølv om dei ikkje dermed blir medlemmer av ein formell institusjon, kan ein seie at denne praksisen har blitt institusjonalisert. Han utgjer ein posisjon i diskursen.

Utsetjing av den første barnefødselen har påverka statistikken. 1 av 5 kvinner som fødde barn i Noreg var i 2006 over 35 år. Mange legar og jordmødrer meiner at kvinnene med denne praksisen fører til fleire svangerskaps- og fødselskomplikasjonar og medverkar til auking av kostbare fertilitetstiltak som for eksempel prøverørsbefruktning.

  1. 1«Mening, materialitet og makt: En innføring i diskursanalyse». Neumann, Iver B. Fagbokforlaget. 2001.

Læringsressursar

Å skrive fordjupingsoppgåve