Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive fordjupingsoppgåveChevronRight
  5. Slik utformar du ei fordjupingsoppgåveChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Slik utformar du ei fordjupingsoppgåve

Føremålet med ei fordjupingsoppgåve er å vise at du kan finne informasjon, velje ut og behandle informasjon, og presentere funna du har gjort, på ein sjølvstendig og reflektert måte.

Ikon oppsummering. Illustrasjon.

Fordjupingsoppgåver

Som student på høgskular eller universitet får du ofte beskjed om å skrive ei oppgåve. Då er det lurt å ha øvd på å utforme ei skriftleg fordjupingsoppgåve medan du framleis er elev på vidaregåande skule.

Innhald

  • Innleiinga
    I innleiinga gjer du greie for kva som er tema for oppgåva di, problemstillinga du har valt, og arbeidsmetodane og kjeldene du har brukt for å kaste lys over problemstillinga. Innleiinga skal også gi lesaren lyst til å lese oppgåva di. Derfor kan det vere lurt å leggje inn nokre formuleringar som triggar nysgjerrigheita.
  • Hovuddelen
    I hovuddelen utdjupar du problemstillinga og set ho inn i eit teoretisk perspektiv. Kva for tankar har ulike fagpersonar tidlegare gjort seg om den problemstillinga du vil kaste lys over? Deretter presenterer du resultata av di eiga undersøking. Til slutt analyserer eller diskuterer du dei funna du har gjort, i lys ulike forskingsresultat og teoriar.
  • Avslutninga
    Avslutninga kan bestå av ein konklusjon eller ei oppsummering. Hugs å samanlikne innleiinga og avslutninga: Har du svart på den problemstillinga du ville kaste lys over i oppgåva di?

Oppsett

Oppgåva skal kommunisere med ein lesar. Derfor bør du setje ho opp på ein oversiktleg og innbydande måte.

Margar, skrifttype og skriftstorleik

Bruk dei standard- margane som tekst- redigeringsverktøyet foreslår. Bruk standardskrifttypane i tekstredigeringsverk- tøyet eller "Times New Roman" storleik 12 til brødtekst. Bruk ikkje ulike skrifttypar i same doku- mentet! Lineavstand bør vere 1,5 dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna.

Topptekst og botntekst

Sett inn sidetalet i botnteksten. Toppteksten kan innehalde ein kort tekst som beskriver oppgåva.

Framsida

  • Framsida er ansiktet til oppgåva di. Du kan velje ei nøytral side med berre tekst, eller ein kombinasjon av tekst og eit bilete eller ein illustrasjon som visualiserer temaet.
  • Vel ein kort og fengjande tittel som gjer lesaren nyfiken, men som likevel er dekkjande for innhaldet. Du kan gjerne ta med ein undertittel som refererer til hovudproblemstillinga.
  • Framsida skal også innehalde namn på forfattar(ar). Du kan også ta med ein dato for når oppgåva er skriven.

Forord

  • I forordet fortel du lesaren kvifor du skriv oppgåva, og kven du eventuelt har samarbeidd med undervegs. Send gjerne ein takk til gode medhjelparar!
  • Du kan skrive om spesielle forhold som har påverka resultatet, og litt om utbyttet du personleg har hatt av å arbeide med temaet.
  • Avslutt med stad, dato og underskrift.

Innhaldsoversikt

  • Forord skal ikkje nummererast.
  • Samandrag og innhaldsoversikt skal nummererast med romartal.
  • Innleiinga blir då side 1 (bruk vanlege tal).
  • Ikkje skriv inn sidetal manuelt. Sidenummeret endrar seg når du redigerer oppgåva. Bruk "set inn sidetal"- funksjonen i tekstredigeringsverktøyet du bruker (som Word eller Pages).
  • Bruk tre til fire nivå (type overskrift) i oppgåva di. To til tre nivå tek du med i innhaldsoversikta.
  • Vedlegga nummererer du for seg. Det er vanleg å bruke romartal, men dersom det er mange sider, kan du bruke vanlege tal.

Kapittel og underkapittel

Som nemnt ovanfor består oppgåva di av ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Det er vanleg å dele hovuddelen inn i fleire kapittel. Kapitla og underkapitla nummererer du fortløpande slik:

1. Innleiing

1.1 Val av problemstilling
1.2 Definisjon av sentrale omgreper
1.3 Avgrensing av oppgåven
1.4 Val av kjelder

2. Problemstillinga sett i teoretisk perspektiv

2.1 .................
2.2 ................... osb

Figurar og andre illustrasjonar nummererer du først med kapittelnummer, dernest kronologisk. (Figur 3.1, Figur 3.2 osv.)

Samandrag

Dersom oppgåva di er lang og komplisert, kan du velje å presentere eit kort samandrag av oppgåva rett etter innleiinga. Dette samandraget kan for eksempel innehalde dei viktigaste funna du har gjort, eller ein konklusjon. Samandraget bør vere i ei enkel språkform slik at alle kan lese og forstå det du har skrive.

Bruk av kjelder

I ei fordjupingsoppgåve skal du kaste lys over ei problemstilling. Då må du bruke ulike kjelder. Det er lov å sitere kjelder i ei oppgåve, men det skal gå klart fram kva som er eige stoff, og kva du hentar frå andre. Bruker du andre sine tekstar utan å oppgi kjelde, blir det sett på som juks.

Kjeldetilvisingar

Når du refererer standpunkt eller argument som andre personar har framført eller publisert, må du lage ei kjeldetilvising. Det treng du ikkje gjere dersom du omtaler allment kjente fakta.

Kjeldetilvisingar skal du oppgi fortløpande i teksten. I parentes oppgir du forfattar og årstal for når den boka eller artikkelen du refererer til, blei gitt ut:

Ukjent for de fleste er kanskje det at blant de klassiske filosofene så har flere norske aner. Dette gjelder blant annet Aristoteles og Platon (Stigen 1968)

Eit anna alternativ er å setje inn ei fotnote der du skriv inn forfattarnamnet, publikasjon og årstal og den sida sitatet er henta frå. Vel "set inn fotnote" i tekstredigeringsverktøyet:
5 Bjørneboe, Haiene, 99, 100

Sitat

Eit sitat er ei ordrett attgjeving av noko som er sagt eller skrive. Måten du gjengir eit sitat på, er avhengig av om sitatet er kort eller langt.

Eit kort sitat er kortare enn tre liner:


... Hovedformålet med undersøkelsen var å "kontrollere overensstemmelsen mellom politikernes ord og handlinger"(Olsen 2009). Dessuten ville man undersøke ...

Eit langt sitat er lengre enn tre liner. Då skal sitatet markerast med innrykk:

... Konklusjonen på analysen er helt klar og utvetydig:

Man kan ikke regne med at fordi en politiker har tatt stilling til noe eller har lovet noe, vil han også handle i samsvar med dette. Dette er regelen. Overensstemmelse mellom ord og handling er unntaket! (Olsen 2009)

Det er harde ord fra forfatteren, men analysen gir god bakgrunn for utsagnet. ....

Litteraturliste

Litteraturlista skal innehalde:
Referansar: ei oversikt over dei kjeldene som er brukte i teksten.
Bibliografi: ei oversikt over generell bakgrunnslitteratur.

Eksempel:

Wandrup, F. (1984). Jens Bjørneboe – Mannen, myten og kunsten. Oslo: Gyldendal.

Dersom du bruker kjelder som du finn på Internett, må du oppgi forfattar, tittel, publiseringsår og url-adresse.

Vedlegg

Vedlegg til oppgåva kan bestå av tekstar, tabellar, spørjeskjema eller andre dokument som har danna bakgrunn for oppgåva di.

Vedlegga nummererer du i den rekkjefølgja dei blir nemnt i teksten, og dette tek du med i innhaldsoversikta med sidetilvising.

Læringsressursar

Å skrive fordjupingsoppgåve