1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive fordjupingsoppgåveChevronRight
  5. Val av forskingsmetodeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Val av forskingsmetode

Når forskningsspørsmåla er klare, må de leggje ein plan for korleis forskingsprosjektet skal gjennomførast. Eit viktig punkt er å finne ein passande framgangsmåte for å innhente datamaterialet de treng.

Ung kvinne ser gjennom forstørrelsesglass. Foto.

Problemstillinga avgjer metoden

Det er problemstillinga som avgjer kva for ein framgangsmåte de bør velje. Framgangsmåten må nemleg eigne seg for å belyse det spørsmålet de undersøkjer. Ofte bruker vi omgrepet "metode" om framgangsmåte. Det er vanleg å skilje mellom to hovudtypar metodar, kvalitative og kvantitative. Namna på desse to metodane seier mykje om forskjellen mellom dei:

  • kvalitet art, slag, eigenskap
  • kvantitet mengd, tal

I eit kvantitativt forskingsopplegg samlar vi inn informasjon som lèt seg talfeste eller uttrykkje i form av tal. Eigenskapar som inntekt og alder er jo tal i utgangspunktet. Men også ein eigenskap som kjønn kan la seg uttrykkje gjennom tal. Vi kan for eksempel seie at kvinner har verdien 1 og menn har verdien 2. Dette er nyttig dersom vi vil gjere statistiske analysar av eit datamateriale som omfattar mange personar.

I eit kvalitativt forskingsopplegg samlar vi inn informasjon som ikke lèt seg talfeste på denne måten, for eksempel informasjon om korleis unge asylsøkjarar og flyktningar opplever tilveret sitt. I større forskingsprosjekt er det ikkje uvanleg å kombinere desse to metodane.

Kvalitativ metode

I eit kvalitativt forskingsopplegg går forskaren i djupna på eit smalt felt. Datamaterialet blir gjerne samla inn ved hjelp av intervju eller observasjon, eller det består av dokument som ein analyserer. Det som er felles for desse framgangsmåtane er at ein forsøkjer å finne ut korleis menneske oppfattar verda rundt seg, og kva for grunnar dei oppgir for å handle slik dei gjer. Det er livshistorier og erfaringar ein vil ha fram.

Dersom ein er interessert i å finne ut kvifor jenter oftare vel deltidsarbeid enn gutar, kan ein undersøkje dette kvalitativt ved å intervjue gutar og jenter. Med ein slik framgangsmåte er ein i dialog med informantane, personane ein vil finne ut noko om. Dersom ein vil finne ut korleis konfliktar blir løyste i ein klasse, kan ein sitje lengst bak i klasserommet og observere det som skjer. Felles for kvalitative undersøkingar er at ein kan få ein annan type kunnskap enn ved spørjeundersøkingar.

Kvalitative forskingsopplegg er nyttige dersom ein vil undersøkje eit tema som ein ikkje har mykje førehandskunnskapar om. Ein kan da følgje opp ting som kjem fram i intervjua og endre på problemstillinga undervegs.

Kvalitative forskingsopplegg

  • Glidande overgangar mellom trinna i forskingsopplegget.
  • Problemstillinga blir ofte endra og presisert undervegs.
  • Analysen og tolkinga skjer gjennom heile forskingsprosessen.
  • Forskaren bruker ofte materiale frå mange kjelder i same undersøking.
  • Analysen består i å tolke meininga som ligger bak orda og handlingane til informantane.
  • Djupneperspektiv – mykje informasjon om få personar
  • Få informantar og mange spørsmål (variablar)
  • Vanlege metodar for produksjon av data:
    • Observasjon
    • Intervju
    • Analysar av tekstar
  • Forskaren må grunngi val av informantar, stad og tid.
  • Forskaren har ofte direkte kontakt med informantane.

Kvantitativ metode

Eit kvantitativt forskingsopplegg er ofte forsking i breidda. Her bruker ein gjerne mange informantar, men dei får relativt få spørsmål og avgrensa svaralternativ. Informasjonen blir ofte samla inn gjennom eit spørjeskjema som forskaren analyserer med statistiske analyseteknikkar. Andre eksempel på kvantitative undersøkingar er analysar av eksisterande statistikk, for eksempel frå skoleval eller frå Statistisk sentralbyrå.

Er de for eksempel interesserte i å få vite meir om skolematvanar blant elevar, vil de kunne undersøkje dette kvantitativt gjennom ei spørjeundersøking. Dersom ei slik undersøking skal frambringe ny kunnskap, bør de ha klart for dykk på førehand kva for moglege årsakssamanhengar de vil sjå nærmare på. Har de først gjennomført ei spørjeundersøking, er det svært vanskeleg å innhente meir informasjon frå dei same informantane på eit seinare tidspunkt.

Dersom ein samfunnsforskar ønskjer å seie noko generelt om befolkninga i Noreg, treng ho data innsamla frå eit representativt utval. Eit representativt utval er ei gruppe informantar som er valde ut etter visse prinsipp som skal sikre at svara ein kjem fram til, seier noko om heile befolkninga. Det er òg viktig å kunne samanlikne svara. Dette sikrar ein ved at alle informantane svarer på dei same spørsmåla.

Den enklaste måten å samle denne informasjonen på vil som oftast vere gjennom eit spørjeskjema. Dette gjer det mogleg å teste hypotesar på ein presis måte. Nokre problemstillingar kan berre undersøkjast kvantitativt. Vi må for eksempel arbeide kvantitativt dersom vi vil få ei godt grunngitt generalisering og ei presis hypotesetesting ved valundersøkingar.

Kvantitative forskingsopplegg

  • Følgjer stega i forskingsprosessen. Prosessen må planleggjast nøyaktig på førehand.
  • Forskaren testar ut ulike hypotesar.
  • Problemstillinga har gjerne meir presise formuleringar om påståtte årsakssamanhengar enn kvalitative studiar.
  • Breiddeperspektiv – litt informasjon om mange
  • Få variablar – mange informantar
  • Funna kan generaliserast dersom utvalet er representativt.
  • Empiri (data) blir ofte samla inn ved hjelp av spørjeskjema eller eksisterande statistikk.

Kva for metode skal de velje?

Som nemnt innleiingsvis, er framgangsmåten avhengig av problemstillinga de har valt. Dette kjem av at dei ulike metodane gir oss ulike typar empiri (data, informasjon).

Når de begynner å arbeide med eit forskingsopplegg, er det ikkje uvanleg å måtte endre litt på problemstillinga. Framgangsmåten de vel, må jo gi eit empirisk grunnlag for å besvare problemstillinga! Vil de for eksempel undersøkje kva for haldningar elevane ved skolen dykkar har til val av yrke, så er det ikkje tilstrekkjeleg å intervjue ti elevar frå éin klasse om dette. Ein slik kvalitativ framgangsmåte eignar seg derimot godt for å belyse kva for tankar og verdisyn som ligg bak eit yrkesval. Vil de finne nokre generelle mønster som kjenneteiknar yrkesvalet blant elevane, så vil ei spørjeundersøking blant eit representativt utval elevar vere ein betre metode.

Læringsressursar

Å skrive fordjupingsoppgåve