Dersom de veit ganske mykje om temaet de skal forske på, kan de spesifisere problemstillinga ytterlegare ved å formulere hypotesar.

Kva er ein hypotese?
Ein hypotese er ein påstand om at det finst ein samanheng mellom to eller fleire variablar. Påstanden må i tillegg la seg prøve ut.
Eksempel på hypotesar
Vi kan finne eksempel på slike hypotesar i tidlegare gjennomførte skoleprosjekt i Holbergprisen i skolen. I prosjektet Ungdom og sjekking for eksempel var problemstillinga: "Har jenter og gutar ulike oppfatningar om, og ulik oppførsel ved, sjekking?" For å undersøkje denne problemstillinga formulerte elevane eit sett med hypotesar:
- Gutar er fysiske når dei sjekkar.
- Jenter er diskré når dei sjekkar.
- Gutar og jenter oppfattar at gutar er aktive.
- Gutar synest i større grad enn jenter at det er skummelt å bli sjekka opp.
Hypotesane må vere formulerte slik at dei kan testast mot innsamla empiri (innsamla informasjon). Vi kan for eksempel teste ut hypotesane ovanfor ved å lage ei spørjeundersøking som gir oss informasjon om korleis jenter og gutar oppfattar at representantane for det motsette kjønnet oppfører seg når dei skal sjekke.
På grunnlag av undersøkinga kan vi så diskutere om empirien styrkar eller svekkjer hypotesane. Ein slik framgangsmåte kallar vi gjerne hypotetisk-deduktiv metode. Om det er denne metoden de skal bruke eller ein annan, kjem an på forskingsspørsmåla de har stilt.
Læringsressursar
Å skrive fordjupingsoppgåve
Læringssti
Forskningsprosessen
Kjernestoff
Fagstoff
Tips til fordjupingsemne i norsk
KjernestoffSlik utformar du ei fordjupingsoppgåve
KjernestoffDiskursanalyse
KjernestoffAdapsjon – frå bok til film
KjernestoffForskingsprosessen
KjernestoffForsking gir deg ny kunnskap
KjernestoffKorleis lagar du ei god problemstilling?
Kjernestoff- Kjernestoff
Hypotesen hjelper deg å spesifisereDu er her
Val av forskingsmetode
KjernestoffVal av informantar
KjernestoffForskingsetikk
KjernestoffBearbeiding av datamaterialet
KjernestoffProsjektrapporten
Kjernestoff