Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive fordjupingsoppgåveChevronRight
  5. Adapsjon – frå bok til filmChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Adapsjon – frå bok til film

Ordet adapsjon eller adaptasjon kjem frå det latinske ordet adaptatio, som tyder "tilpassing, tilmåting". Vi bruker ordet om det å overføre ein tekst frå eitt medium til eit anna, for eksempel frå bok til film.

Elling: bok og film

Frå bok til film

Det er ikkje utan grunn at filmprodusentar bruker bøker som utgangspunkt for å lage film. Da kan dei byggje på ei handling som folk kjenner på førehand, og dei kan utnytte populariteten til boka. Men filmar som tek utgangspunkt i svært kjende litterære verk blir slett ikkje alltid vellykka. Respekten for boka kan nemleg føre til at regissøren legg seg for tett opp til det litterære førebiletet og gløymer at filmen krev andre verkemiddel og forteljargrep enn boka.

Eksempel

  • Ingvar Ambjørnsens bøker om Elling er eksempel på norske romanar som er blitt til film.
  • Kriminalromanane til Unni Lindell, Karin Fossum og Gunnar Staalesen er blitt populære tv-seriar på norsk fjernsyn.
  • Rudyard Kiplings roman Jungelboka har blitt til både teikne-serie, teater, radio-teater og spelefilm.
  • Bøkene om Harry Potter og Ringenes herre har blitt suksessfulle spelefilmar.

Kva må regissøren gjere?

Kva skjer når ei bok eller novelle skal filmatiserast? Regissøren må ta med seg det beste frå boka og overføre det til eit nytt medium. Han må avgjere kor tett han skal leggje seg opp til boka, men uansett må han skrelle vekk mykje stoff som det ikkje blir plass til i filmen. Deretter må ein dyktig manusforfattar skrive eit eige filmmanus.

Frå språklege til filmatiske verkemiddel

I den skrivne teksten har forfattaren utnytta verkemidla i skrift-språket. Filmen derimot må utnytte dei uttrykksmidla som er spesielle for filmmediet, nemleg bilete og lyd i tillegg til dialog. Det er også mogleg å bruke ei forteljarstemme (såkalla voice-over), men dette blir i dag rekna som eit litt gammaldags verkemiddel i filmverda. Dei som lagar filmen, må ta stilling til blant anna desse spørsmåla:

  • Kva kan vi signalisere om personane gjennom klede og oppførsel?
  • Kva kan vi fortelje gjennom bruk av interiør og rekvisittar?
  • Kva slags musikk og lydar skal vi bruke for å formidle stemningar eller for å gjere det tydeleg kva personane føler?
  • Korleis kan vi tilpasse replikkane slik at dei karakteriserer personen som seier dei?
  • Korleis kan vi få fram det som har hendt tidlegare, eller det som hender mellom scenene i filmen?

Adapsjonsanalyse

Hent fram analyseskjema

Kva bør du sjå etter når du skal analysere ein adapsjon frå bok til film? Du kan for eksempel ta utgangspunkt i desse punkta:

  • Handling
    Kva for delar av handlinga i boka er nedtona eller fjerna i filmen?
    Er det noko som har blitt lagt til?
    Kva kan vere grunnen til endringane?

  • Dramaturgi
    Samanlikn dramaturgien (spenningskurva) i boka og i filmen. Kva er eventuelt ulikt, og kvifor?

  • Forteljar og synsvinkel
    Er det same type forteljar i både bok og film?
    Blir filmhistoria fortald frå same synsvinkel som boka?
    Viss ikkje: Kva har regissøren endra på, og kva for ein verknad har denne endringa?

  • Personar og roller
    Finn vi igjen heile persongalleriet frå boka i filmen?
    Har personar i boka blitt nedtona eller fjerna heilt frå filmforteljinga?
    Er nokre av rollene endra?
    Korleis fungerer skodespelarane i rollene sine?

  • Miljø
    Prøver regissøren å leggje seg tett opp til miljøskildringa i boka, eller vel han heilt andre løysingar?
    Kva for filmatiske verkemiddel utnyttar regissøren i miljøskildringa?
    Blir miljøskildringa truverdig?

  • Klipping og klipperytme
    Korleis er tempo og klipperytme i filmen?
    Samsvarer dei med forteljetempoet i boka?

  • Lyd og musikk
    Klarer filmmusikken å ta vare på (grunn-)stemninga frå boka?

  • Symbolbruk
    Er nokre av symbola frå boka tekne med i filmen?
    Er det innført nye symbol?
    Korleis fungerer symbolbruken, sammenlikna med boka?

  • Tema og bodskap
    Er det same tema og bodskap i film som i bok?
    Kva er eventuelt endra?

  • Vurdering
    Det er alltid lett å synast at boka er best når du har lese ho før du ser filmen. Men hugs at det ikkje er rett å krevje at filmen nærmast skal vere ein tru kopi av boka. Ein adapsjon er meir enn ei tilrettelegging av eit stoff i eit nytt medium. Filmen er også ein ny tekst som står på eigne bein og som må vurderast på eigne premissar.

    Samanlikninga mellom bok og film gjer deg bevisst på grep regissøren har teke for å tilpasse bokforteljinga til filmmediet, men ho gir deg ikkje nødvendigvis svaret på om filmen er vellykka som film.

Læringsressursar

Å skrive fordjupingsoppgåve