Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive fordjupingsoppgåveChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Tips til fordjupingsemne i norsk

Skal du skrive fordjupingsoppgåve i norsk? Her får du tips og informasjon.

Retrobilde av kvinne med skrivemaskin. Foto.

Krav til oppgåva og råd om gjennomføring

Eitt av læreplanmåla for norsk på Vg3 og påbygg er at eleven skal kunne:

gjennomføre arbeidet med en selvvalgt fordypningsoppgave og utforme den som en muntlig, skriftlig eller sammensatt tekst med språklig, litterært eller annet norskfaglig emne.

Kva for oppgåver kan verte godkjende?

Her vil det vere eit visst sprik. Utgangspunktet er at det du jobbar med i fordjupningsoppgåva di, skal kunne knytast til kompetansemåla i norskfaget. Du skal altså fordjupe deg i eit norskfagleg emne. Da er det flott viss du kan finne fram til emne og problemstillingar som du sjølv tykkjer er interessante. Lenger ned finn du framlegg om moglege emne og innfallsvinklar.

Ambisjonar

Nokre har berre ambisjonar om å stå, nokre må minst ha 3, og andre synest dei helst må ha 6. Vi legg altså lista ganske forskjellig. Skal ein ha karakter «over middels», må ein naturlegvis jobbe annleis enn dei som er nøgde med karakteren 2 eller 3. Det vert til dømes venta ein meir omfattande kjeldebruk av dei som skal ha toppkarakterar, enn av dei som har 2 eller 3 som mål.

Fordjupingsoppgåver som andre har skrive

Det er ikkje vanskeleg å få tak i andre sine fordjupingsoppgåver. Det er heller ikkje feil å lese kva andre har skrive, og la seg inspirere av det. Det som er feil, er å utgi det for eige arbeid. Når du presenterer oppgåva di, vil det som regel skine gjennom om dette er noko du sjølv har jobba med, eller om du berre les opp noko andre har skrive. Etter ein presentasjon vil du dessutan gjerne få oppfølgingsspørsmål som raskt vil kunne avdekkje om det er noko du har «lånt».

Teoribruk

I ei fordjupingsoppgåve blir det lagt vekt på korrekt bruk av kjelder, og det vil vere ei klar forventing om at du set deg litt inn i kva andre har skrive og forska på, som er relevant for emnet ditt. Det er ikkje prisverdig å skrive berre «ut ifrå eige hovud». All forsking byggjer på andre sine forskingsresultat! Ei omfattande kjeldeliste vil ofte vere eit uttrykk for at du har jobba grundig og skikkeleg med fordjupingsemnet ditt.

I dag har vi god informasjonstilgang digitalt og analogt. Det krev lite å skaffe seg relevant faglitteratur. Det enklaste er å gå innom skulebiblioteket, fortelje kva ein jobbar med, og be bibliotekaren hjelpe til med å finne

  1. artiklar
  2. intervju
  3. masteroppgåver
  4. bøker osv.

om emnet. Her må ein altså ikke vere ute i siste liten. Det kan ta litt tid å få bestilt inn det ein treng.

Ver tydeleg og eksplisitt i kjeldebruken. Når du presenterer, skal du vise til kjeldene du har brukt. Marker tydeleg når du bruker andre sine resonnement og idear, som i «Professor og Ibsen-forskar Vigdis Ystad ved Universitetet i Oslo hevdar at Hedda Gabler …». Skal eg skrive om målarkunsten i nasjonalromantikken, bør eg sjølvsagt setje meg inn i emnet på førehand. Ønskjer eg å samanlikne Ibsens En folkefiende med ein moderne roman, kan det jo vere ein idé å sjå kva flinke folk har skrive om nettopp dette Ibsen-stykket.

Kva er ei god kjelde?

Mange går ikkje lenger enn til Daria.no (skrekk og gru) eller første og beste Wikipedia-artikkel. Det er ikkje spesielt imponerande. Men – sjå på kjeldelista under Wikipedia-artikkelen. Den kan vere eit godt utgangspunkt for å finne relevant bakgrunnsstoff. Nokre av tekstane der kan ein finne rett på nett, men ein del gonger må ein innom biblioteket. Ofte kan bibliotekaren bestille inn artiklar som ikkje finst digitalt. Ein må altså planleggje arbeidet og gjere seg noko umak. Sjå elles kapittelet der vi har skrive meir grundig om kjeldebruk.

Å presentere

Ofte skal fordjupingsemnet presenterast munnleg, og gjerne ved hjelp av presentasjonsverktøy som PowerPoint, Prezi, Keynote eller tilsvarande. Når du presenterer, må du hugse at det er viktig at

  • du framstår som engasjert i emnet du tek opp
  • du ikkje bruker for mykje tid på handlingsreferat og biografiske opplysningar
  • du demonstrerer tydeleg at du har fordjupa deg i emnet
  • du viser at du har tenkt, analysert og vurdert
  • du viser norskfagleg innsikt ved at du bruker t.d. analyseomgrep eller annan fagterminologi der det er naturleg
  • du klarer å svare på spørsmål
  • du klarer å gjere greie for metodebruk og val av kjelder

Problemstilling

Det står ikkje noko spesielt om «problemstilling» i læreplanen. Det er likevel viktig at du ikkje er for brei og generell i tilnærminga. Er du spesielt interessert i krim, kan du gjerne samanlikne tre krimbøker, men forsøk å finne ut kva det er spesielt interessant å sjå på i krimbøkene. Du bør sjølvsagt også setje deg godt inn i teori om sjangeren.

Forslag til val av emne

Det er mykje ein kan velje å fordjupe seg i. Som vi alt har vore inne på, blir det kjekkast om du finn noko som du sjølv tykkjer er interessant. Nedanfor er nokre utgangspunkt for moglege fordjupingsemne. Lag ein disposisjon. Presenter han for læraren din slik at han eller ho kan gi deg gode råd og innspel tidleg i prosessen.

a. Oppvekstromanar

Her kan det vere ein god idé å finne bøker frå ulike periodar eller miljø. Kva kan romanen Gift av Alexander Kielland fortelje om oppvekst i andre halvdel av 1800-talet? Kva med å samanlikne han med Maria Navarro Skarangers Alle utlendinger har lukka gardiner frå 2015? Kva fortel desse bøkene om moral, verdiar, oppdraging og/eller samfunnsforhold? Det kan vere interessant å kommentere i tillegg til den litterære analysen.

b. Sosiale medium

Kva med å sjå nærare på korleis ulike grupper bruker sosiale medium som Twitter, bloggar og/eller Facebook? Ein kan ta utgangspunkt i ulik bruk hos gutar og jenter, og ein må ha tilgang til ei viss mengd «materiale». Les her det vi skriv om forskingsmetode, bruk av informantar og ikkje minst, om forskingsetikk. Her kan ein gjerne trekkje inn retorisk teori. Hugs at alle fordjupingsemne må knytast til læreplanen i norsk. Ønskjer vi å å jobbe med sosiale medium, er til dømes desse læreplanmåla frå Vg2 og Vg3 relevante:

  • analysere innhold og vurdere bruk av virkemidler i tekster som er hentet fra ulike digitale medier
  • tolke og vurdere komplekse sammensatte tekster

c. Film

Film er eit døme på det vi kallar for ein «sammensett tekst». Ei moglegheit her er å ta for seg ein spesiell filmsjanger og sjå på forteljespråket og verkemidla som er nytta. Til dømes er jo fantasysjangeren ofte nært knytt opp til mytar og folkedikting. Da kan ein vurdere å kople det til desse læreplanmåla:

  • sammenligne fortellemåter og verdier i et utvalg samtidstekster med fortellemåter og verdier i myter og folkediktning (Vg2)
  • tolke og vurdere komplekse sammensatte tekster (Vg3)

d. Bøker vert film

Bøker vert ofte filmatiserte, eller for å bruke eit fagomgrep, adapterte. Vi kan ikkje her gå detaljert inn på adapsjon, men sentrale omgrep i samband med adaptasjon er blant anna historie og diskurs. I det første, historie, handlar det sjølvsagt om handlinga, kva som skjer, og det er ikkje så vanskeleg å finne likskapar og ulikskapar når det gjeld kva som skjer i boka og i filmen. Det utfordrande og interessante er å gå inn på diskursen i boka og i filmen. Med diskurs meiner vi framstilling og forteljemåtar. Bok- og filmmediet har ulike verkemiddel. Dei fortel på ulike måtar. Om ei forteljing vert flytt frå bok til teikneserie, eller frå bok til spelefilm, så gjer ein ein del «diskursive val». Kva gjer ein til dømes med forteljarsynsvinkel? Utfordringa vert å vise forståing for dei vala som ein filmregissør har gjort i samband med ein adaptasjon av ei bok.

e. Bloggar om spesielle tema

Vi har alt nemnt bloggsjangeren i samband med sosiale medium. Her er det ei lang rekkje typar, rosabloggar, bloggar som tek utgangspunkt i sjukdom (t.d. anoreksi eller kreft), og vi har dei berømte motebloggarane som vert lesne av mange tusen. Det er viktig at fordjupingsemnet ikkje vert for breitt og generelt. Tek ein for seg bloggsjangeren, bør ein spisse og avgrense slik at teksten ikke vert for generell. Kva er det du ønskjer å sjå spesielt på? Kan du formulere dette som eit spørsmål? For å lage ein god tekst må ein ha innsikt i sosiale medium og nett-tekstar generelt og i bloggsjangeren spesielt. Bloggen er sjølvsagt òg ein samansett tekst, og ein kan også her trekkje inn retorisk teori

f. Mediepåverknad

Kva for idealar og verdiar vert kommunisert i til dømes jenteblad, både når ein ser på reklamen og på det redaksjonelle stoffet? Utgangspunktet kan takast i fire ulike blad. Aktuelle læreplanmål:

  • gjøre rede for et bredt register av språklige virkemidler og forklare hvilken funksjon de har
  • tolke og vurdere sammenhengen mellom innhold, form og formål i sammensatte tekster
  • bruke begrepsapparat fra retorikken for å analysere og vurdere ulike typer sakprosatekster

g. Ideologi og retorikk

Om du vel dette som tema, kan du sjå på samanhengen mellom ideologi og retorikk i nokre av dei politiske talane du kan finne på nettstaden virksommeord.uib.no. Vel gjerne 3–4 talar av ulike personar med ulik politisk ståstad, og gjerne også frå ulike tidsperiodar.

Læringsressursar

Å skrive fordjupingsoppgåve