1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Norskfaget, årsplan og eksamenChevronRight
  4. Slik skriv du eit godt langsvarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Slik skriv du eit godt langsvar

Skriftleg eksamen i norsk på Vg3 består av ei kortsvarsoppgåve og ei langsvarsoppgåve. Langsvarsoppgåvene er alltid knytta til tekstvedlegg, og svaret skal vise både tekstforståing og skrivekompetanse.

Nærbilde av en som skrive rpå tastatur. Foto.

Føremålet med langsvarsoppgåva

Føremålet med langsvarsoppgåva på eksamen er

  • å teste kor god du er til å lese og forstå tekstar
  • å teste kva du kan om eit bestemt norskfagleg emne, og i kva grad du klarer å nytte denne kunnskapen på dei tekstane du har lese
  • å teste kva for ferdigheiter du har når det gjeld å skrive eit godt strukturert svar med god tekstbinding og rettskriving som kommuniserer med lesarane

Fire skrivefasar

Eksamensdagen er kommen, og du sit der litt sveitt og nervøs med fem klokketimar til rådigheit. Då er det lurt å ha tenkt gjennom på førehand kva for fasar eksamensarbeidet består av.

På Skrivesenteret sine nettsider finn du tips til arbeidsform i

  1. førskrivingsfasen
  2. komme i gang-fasen
  3. revisjonsfasen
  4. sluttføringsfasen

Skrivesenteret: Hvordan lykkes med skriftlig eksamen i norsk?

Sjå også UDIR: Eksamensveiledning norsk med kjennetegn på måloppnåelse (2015)

Studer ein modelltekst

Det finst ikkje nokon fasit på korleis ei langsvarsoppgåve i norsk skal svarast på. Men det går an å få nokre tips gjennom å studere korleis andre har valt å løyse oppgåva. Skrivesenteret har laga ein gjennomgang av ei eksamensoppgåve som vart gitt i 2015.

Eksamensoppgåve i norsk 2015 (langsvar)

Tekstar som er lagde ved:

  • Wilhelm Krag: «Der skreg en fugl», 1894
  • Franz Kafka: «Dropp det!», 1922
  • Pablo Picasso: «Guernica», 1937
  • Gunvor Hofmo: «Det er ingen hverdag mer», 1946

Vel tre av vedlegga og skriv ein resonnerande tekst om modernismen, der du bruker eksempel frå tekstane for å syne korleis dei er uttrykk for sider ved den modernistiske tradisjonen mellom 1890 og 1950. I kva grad meiner du desse tekstane framleis er aktuelle?

Ressursar

Før du ser nærmare på modellteksten, kan du gjerne ta ein titt på desse ressursane som du finn i norskfaget på NDLA:

Løysingsforslag

I denne videoen gjennomgår Kjersti Rognes Solbu ved Skrivesenteret oppgåva og kjem med tips til korleis du kan løyse henne:

Eksempel på modelltekst

Skrivesenteret har publisert ein modelltekst for korleis denne oppgåva kan løysast:

Læringsressursar

Norskfaget, årsplan og eksamen

SubjectEmne

Fagstoff