1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Norskfaget, årsplan og eksamenChevronRight
  4. Slik skriv du eit godt kortsvarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Slik skriv du eit godt kortsvar

Eit kortsvar er ein tekst på maks 250 ord. Kravet til eit kortsvar er at du skal svare kort på ei fagleg problemstilling i ein oppgåvetekst. Føremålet er å vise kva du kan om temaet, og at du kan nytte kunnskapen din i møte med andre tekstar.

Fingre som skriver på tastatur. Fotografi.

Kva er eit kortsvar?

Til skriftleg eksamen i hovudmål og sidemål i Vg3 vil du verte beden om å skrive eit kortsvar. Lengda på ein slik tekst er maksimum 250 ord.

Føremålet med oppgåva er at du skal kunne dokumentere at du har kunnskap om eit område i norskfaget, at du kan nytte denne kunnskapen på ein eller fleire tekstar, og at du kan skrive ein kort og konsis tekst med god struktur. Bruk fagomgrep og presise og kortfatta formuleringar.

Å skrive ein kort tekst høyrest kanskje enkelt ut, men det er faktisk slik at jo kortare ein tekst er, jo høgare er krava til struktur og språkleg presisjonsnivå.

Førebuingsfasen

Kva spør oppgåva etter?

Sidan det er lov å bruke hjelpemiddel under eksamen, kan det vere freistande å ramse opp alt du kan finne om emnet du skal skrive om. Men er det det oppgåva ber deg gjere?

Første steg er derfor å lese oppgåva nøye og leggje til sides alt som ho ikkje spør etter. Marker viktige ord i oppgåveteksten. Desse kan du bruke som kontrollpunkt på at du faktisk har svart på oppgåva når teksten er ferdig.

Lag deretter eit kort notat med faktaopplysningar som du treng å bruke når skriveprosessen startar, og vel maks tre hjelpemiddel som du vil støtte deg til. Noter gjerne sidetal eller url-adresse slik at du lett finn det du har behov for.

Kva fortel teksten(-ane) om temaet?

Deretter må du lese tekstane som er lagde ved, nøye. Det er lurt å gjere dette to gonger. Ofte oppdagar du noko nytt andre gongen du les teksten. Fargelegg gjerne dei delane av teksten som er spesielt interessante for oppgåva. Då slepp du å bruke tid på å leite etter dette seinare.

Dersom du vert beden om å samanlikne to tekstar, må du spesielt sjå etter det som er likt og det som er ulikt i tekstane. Det kan mellom anna handle om like eller ulike perspektiv, synspunkt, verkemiddel eller uttrykksmåtar. Mens du les teksten, kan du lage ei kort stikkordliste som du kan støtte deg til når sjølve skriveprosessen byrjar.

Skriveprosessen

Slik lagar du ein god struktur

Når du skal strukturere teksten, kan du gjerne bruke « Femavsnittsmetoden »:

  • Innleiing
  • Hovuddel
    • Moment 1
    • Moment 2
    • Moment 3
  • Avslutting

I innleiinga presenterer du temaet du skal skrive om, og tekstane som du seinare skal analysere eller kommentere. Innleiinga bør ikkje overstige 50 ord.

I hovuddelen skal du vise kva du kan om temaet, og at du kan nytte kunnskapen din i møte med andre tekstar. Del gjerne hovuddelen inn i to eller tre avsnitt. Kvart avsnitt bør ta for seg eit bestemt moment og vere på ca. 50–70 ord.

Då har du ca. 50 ord att til avsluttinga. Her oppsummerer eller konkluderer du med utgangspunkt i problemstillinga som vert reist i oppgåva. Sjekk gjerne opp mot orda du har markert i oppgåveteksten. Har du svart på oppgåva?

Men du er ikkje heilt ferdig enno. Ein god tekst krev ein god tittel. Ikkje bruk oppgåveteksten som overskrift, men finn ein kort og fyndig tittel som er dekkjande for det teksten din handlar om.

Eksempel på struktur i korttekst med vurdering

Struktur i eksempeltekst

Kortsvaret er henta frå eit oppgåvesvar som samla sett fekk karakteren 6 til eksamen i norsk hovudmål våren 2010.
(Kjelde: Kortsvaroppgaver med vurdering (Udir))

Merk: Moment 2 og 3 utgjer til saman avsnitt 3 i originalteksten. I attgivinga er orginalteksten merkt med kursiv. Kommentarane til måten teksten er strukturert på, er merkte med feit skrift.

Tittel: Korttfatta og presis tittel (4 ord)

Fra saga til tegneserie

Innleiing: Presentasjon av tekstane som skal samanliknast (34 ord)

Utdraget fra islendingesagaen er hentet fra Soga om Gunnlaug Ormstunge, som ble skrevet på 1200-tallet. Tegneseriestripen Aldo Monrad ble trykt i Aftenposten, 15. august 2009. De to tekstene har ulikt innhold og ulik fortellermåte.

Moment 1: Dei viktigaste sidene ved «sagastilen» – måten dei islandske ættesagaene er fortalde på (73 ord)

I utdraget møter vi blant annet storhøvdingen Illuge og sønnen Gunnlaug. Familie, slektsrelasjoner og store hendelser, får stor plass i sagaen. Sagaen bruker referat, og forteller om personer og ting som har skjedd. Innholdet i sagaen flyter jevnt, og referatet brytes bare av at scener siteres. Kun det viktigste er med, og forfatterstemmen refererer det han har sett og fått fortalt. Utdraget representerer en fortellermåte som var vanlig for å bevare historie for ettertiden.

Moment 2: Det viktigaste ved forteljemåten i teiknseriestripar (samansett tekst) (45 ord)

Tegneseriestripen representerer en annen fortellermåte, og gjennom scenisk fremstilling får leseren innblikk i hendelsen. Tankeboblen gir oss innblikk i tankene til en av hovedpersonene. Bildene i den sammensatte teksten, skildrer miljøet rundt, og fjerner muligheten for leseren til å danne seg et bilde av personene.

Moment 3: Samanlikning av forteljemåten i dei to tekstane (51 ord)

Innholdet i tegneserien er mer dynamisk enn i sagaen, ved at det veksles mellom spørsmål, utrop og tanker. Mens sagaen ser tilbake og viser personenes styrke og makt, forteller tegneserien om deres planer for fremtiden. Sagaen er fra en fjern fortid, mens tegneserien med biler og «totusentallsironi», kunne skjedd i dag

Avslutning: Oppsummering og vurdering (44 ord)

Siden tekstene er fra forskjellige tidsperioder og har ulik funksjon, er det naturlig at innholdet og fortellermåten er forskjellig. I begge tekstene fungerer det godt til sitt bruk. Sagaen bevarer historie for ettertiden, mens tegneserien er til underholdning og noen ganger også til ettertanke.

Sensors vurdering av teksten

Svaret har en god og hensiktsmessig struktur. Tekstvedleggene og tema for oppgaven presenteres i innledninga, og i avslutninga blir temaet nevnt igjen. De to tekstene er behandlet hver for seg i andre og tredje avsnitt. Svaret har også en god tittel.

Eleven knytter svaret sitt til de to tekstene når innhold og fortellemåte blir sammenlignet. Kunnskap om både sagalitteratur og tegneserier kommer fram gjennom bruk av et variert fagspråk. Eleven viser faglig sikkerhet gjennom de eksemplene som han/hun trekker fram.

Ordforråd og setningsoppbygging er variert, og ortografien er stort sett god.

Helhetsinntrykket er at eleven viser fagkunnskap og uttrykker den på en svært god og presis måte.

Vis at du har fagkunnskap

I ei kortsvaroppgåve skal du med få ord vise at du kjenner til eit sentralt tema i faglitteraturen. Kunsten er då å utelate alt det du veit som ikkje er sentralt i oppgåva, men heller vise at du har djupnekunnskap om det det faktisk vert spurt etter.

Du viser også at du har fagkunnskap dersom du bruker sentrale faguttrykk på ein riktig og reflektert måte.

Vis at du kan nytte fagkunnskapen

Eksamensoppgåva viser ofte til ein eller fleire tekstar med tilknytting til fagområdet du skal skrive om. Føremålet er at du skal vise at du kan nytte den fagkunnskapen du har, i møte med teksten.

Det er ikkje meininga at du skal referere innhaldet i desse tekstane, men du kan gjerne ta med nokre få, korte sitat som strekar under poenga dine. Bruk metodar som du lærte då de trente på retorikk og analyseteknikk på skulen, men hugs at ingen tekstar er like! Det er ikkje noko poeng å finne flest mogleg verkemiddel eller særtrekk, men å vise kva verknad dei viktigaste verkemidla i ein tekst faktisk har.

Du bør også vere medviten på den samanhengen (konteksten) teksten oppstod i. Ein tekst frå barokken kan ha mange likskapar med ein moderne tekst, men folk på 1600-talet levde under heilt andre samfunnsforhold enn dei vi lever under i dag. Kva har det å seie for perspektivet i teksten?

Presist og korrekt språk

Tekstar vert skrivne for at andre skal lese dei. Er det noko i kortsvaret ditt som kan misforståast? Kjem poenga dine tydeleg fram?

Ein korttekst er ein saktekst. Språket skal derfor vere nøkternt og sakleg. Ikkje bruk omtrentlege ord, men leit etter korte og presise uttrykk.

Variasjon er viktig. Ein tommelfingerregel er å ikkje bruke dei same formuleringane om att i setning etter setning. Setningar i same avsnitt bør helst ikkje byrje med same ordet.

Det er høvesvis lett å oppdage feilstavingar ved hjelp av retteprogrammet, men det er ikkje alltid like lett å oppdage grammatiske feil. Les derfor nøye gjennom teksten sjølv om retteprogrammet ikkje har markert at noko er feil. Lykke til!

Sjå også: Skrivetips frå Skrivesenteret

Vurdering

UDIR har eksempel på oppgåvesvar som har fått karakterene 6, 3 og 1.

Kortsvaroppgåver med vurdering (Udir)

Studer oppgåvesvara. Kva er det som har fått sensorane til å gi svara desse karakterane?

Interaktiv mal

Dei første gongene du trener på å skrive kortsvar, kan du gjerne bruke denne interaktive malen:

Læringsressursar

Norskfaget, årsplan og eksamen

SubjectEmne

Fagstoff