1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Norskfaget, årsplan og eksamenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Norskfaget, årsplan og eksamen

Faget norsk er eit fellesfag for alle elevane i vidaregåande skule. Her får du ei kort innføring i korleis norskfaget på NDLA er bygd opp, og nokre gode tips til munnleg og skriftleg eksamen.

Fargerike luftballongar og bokstavar stig opp frå bokside. Manipulert fotografi
Norsk er eit sentralt skulefag, med eit særleg ansvar for utvikling av lese- og skriveferdigheiter.

Innhaldet i norskfaget

Medan vi ventar på nye læreplanar, er det enno ikkje utarbeidd forslag til arbeidsplanar for norskfaget. Men faget har allereie fått ei inndeling som speglar kjerneelementa i dei nye læreplanane som skal bli tekne i bruk frå hausten 2020:

  • språket som moglegheit (om ulike tekstsjangrar og retorikk)
  • språket som system
  • språkleg mangfald
  • tekst i kontekst (tekstar sett i lys av kultur, samfunn og kulturhistoriske strøymingar )
  • kritisk tilnærming til tekst (tekstanalyse og kjeldekritikk)
  • munnleg kommunikasjon
  • skriftleg tekstskaping

Norsk på ulike studieprogram

Vel du yrkesfag, har du norsk på Vg1 og Vg2. På studieførebuande eller studiespesialiserande utdanningsprogram har du norsk frå Vg1 til Vg3.

Frå og med skuleåret 2020/2021 blir norskfaget på yrkesfag lagt til Vg2. Faget vil då få fire veketimar. Men denne endringa gjeld berre for elevar som byrjar på Vg1 yrkesfag hausten 2020 eller seinare.

Eksamen

Går du på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, kan du kome opp til munnleg og/eller skriftleg eksamen i norsk etter Vg2. Norskfaget er då trekkfag. Det vil seie at berre nokre av elevane på skulen kjem opp til eksamen i faget.

Til munnleg eksamen er det ofte mindre grupper på seks til åtte elevar som blir trekte ut, medan det gjerne er heile enkeltklassar som kjem opp i norsk skriftleg.

Går du på eit studieførebuande program, har du eksamen etter Vg3. Då skal du opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål, og du kan bli trekt ut til skriftleg eksamen i norsk sidemål. Også norsk munnleg er trekkfag.

Skriftleg eksamen etter Vg3 blir utarbeidd og sensurert sentralt, munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Vi gir deg gode tips til munnleg eksamen og til korleis du kan utforme kortsvars- og langsvarsoppgåver til skriftleg eksamen.

Læringsressursar

Norskfaget, årsplan og eksamen