Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kritisk tilnærming til tekstChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. Reglar for publisering av bileteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reglar for publisering av bilete

Veit du at lova seier at dei som er avbilda, har rett til å bestemme i kva utstrekning og på kva måte biletet skal brukast?

Ungt par som kyssar på fest. foto.
Ikkje alle bilete eignar seg for publisering og deling. Visste du at åndsverklova og personlova til og med inneheld lovgiving som gjer at deling og publisering av bilete også kan vere straffbart?

Retten til eige bilet er nedfelt i åndsverklova

Hovudregelen i åndsverklova seier at: "Fotografi som avbildar ein person, kan ikkje visast offentleg utan samtykke av den avbilda."

Viss du har teke eit bilete av nokon i samband med eit intervju i lokalavisa, må du få eit samtykke av vedkommande om at biletet kan trykkjast i avisa. Samtykke kan gis skriftleg eller munnleg. Viss biletet er tenkt brukt i ei anna sak eller ein annan samanheng seinare, må du hente inn eit nytt samtykke.

Spesielle situasjonar

Ein fotojournalist på ein åstad må vise særlege omsyn ved bruk av bilete av ein person som er rusa, sjuk eller i sjokk etter ei ulykke. Det er ikkje alltid personen sjølv er i stand til å oppfatte kva som går føre seg og vidare kva konsekvensar publiseringa av eit bilete vil kunne få.

Samtykke på barnebilete

Bilete av små barn kan blir framstilte berre etter samtykke frå føresette. Den som samtykkjer til bruk av eit bilete, må ha ”nødvendig grad av modenskap og forståing”. Det handlar mykje om alder, mental tilstand, kva slags bilete det er snakk om og til kva bruk.

Mindreårige kan samtykkje, men her må fotografen vise større varsemd. Barneloven § 33 seier at barn skal givast større “sjølvråderett med alderen og fram til det er myndig”.

Nokre eksempel som rettesnor:

  • Ein femåring kan ikkje avbildast i avisa utan at samtykke frå forelder ligg føre.
  • Ei jente eller ein gut på 16 år kan trass i samtykke ikkje avbildast som nakenmodell.
  • Ein femtenåring kan samtykkje til bruk av bilete frå eit idrettsstemne.

Situasjonsbilete

Bilete med aktivitet eller ei hending som motiv blir omtala som situasjonsbilete. Kven som er på biletet, blir mindre viktig enn hovudinnhaldet. Dersom situasjonsbiletet er av allmenn interesse, eller framstiller offentlege hendingar, kan biletet publiserast utan samtykke. Døme kan vere eit bilete frå eit politisk møte, eit idrettsarrangement eller ein konsert. Grensene er likevel ikkje alltid klare for om eit bilde lét seg publisere.

Vurder bileta!

Sjå på dei to bileta nedanfor. Korleis vurderer du dei ut ifrå teksten du har lese? Synest du dei burde kunne publiserast utan samtykke? Kvifor/kvifor ikkje?

Betre føre var...

Somme gonger kan det vere vanskeleg å vite om du har å gjere med eit situasjonsbilete eller eit personbilete. Er du usikker, be alltid om samtykke!

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs