Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. Litteraturliste ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Litteraturliste

Kva er ei litteraturliste?

Ei litteraturliste er ei oversikt over alle kjeldene du har brukt. Ho blir også kalla for referanseliste eller bibliografi. Litteraturlista skal stå på ei eiga side heilt til slutt i oppgåva, og kjeldene skal førast opp alfabetisk.

Korleis lista skal setjast opp, kjem elles an på stilen du har valt. Her viser vi to typar listeoppsett. Dei høyrer til dei to stilane vi alt har presentert (i noko forenkla form), Harvard og Chicago.

Harvard-stil

Når du set opp bøker på litteraturlista, begynner du med namnet på forfattaren slik du kan sjå i eksemplet. Så kjem utgivingsår, boktittel i kursiv, utgivingsstad og utgivar.

Litteraturliste


Bogø, J., H. Stig og S. Ahnstrøm (1995) Festboken. Oslo: Bladkompaniet.

Glomnes, E. (2005) Skriv bedre! Lærebok i skriving. Bergen: Fagbokforlaget.

Hoem, E. (1995) Bibelhistorier. Oslo: Aschehoug.

Leksikonartiklar og informasjonsnettsider

Dersom du bruker nettsider der forfattaren ikkje er namngitt, fører du opp tittel på sida eller teksten, årstalet for publisering eller dato for siste oppdatering av sida, nettadresse og dato for nedlasting.

Set du ein Wikipedia-artikkel på litteraturlista, held det ikkje berre med dato for nedlasting, sidan Wikipedia-artiklar i teorien kan endre seg frå minutt til minutt. Wikipedia har ei hjelpeside i venstrekolonnen (under verktøy) som heiter «permanent lenke». Der er det lagt inn versjonsnummer i url-feltet, og det er denne du skal bruke i litteraturlista.

Olaug Nilssen (2007) https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Olaug_Nilssen&oldid=16897830

Nettartiklar med namngitt forfattar

Dersom du bruker nettartiklar der forfattaren er namngitt, fører du dei opp slik: etternamn på forfattaren, fornamn (berre initial og punktum), årstal for publisering eller siste oppdatering av sida, tittel, nettadresse, datoen du las han.

Haddal, P. (2007) Helteepos i stor stil. http://oslopuls.no/film/article2114251.ece [lesen 30.11.2007].

Chicago-stil

I dette systemet set du opp bokreferansane slik: etternamn på forfattar, fornamn, tittel, utgivingsstad, forlag, utgivingsår. Boktitlane skal kursiverast (skråstillast).

Litteraturliste

Bogø, Jette, Helge Stig og Svend Ahnstrøm. Festboken. Oslo: Bladkompaniet, 1995.

Glomnes, Eli. Skriv bedre! Lærebok i skriving. Bergen: Fagbokforlaget, 2005.

Hoem, Edvard. Bibelhistorier. Oslo: Aschehoug, 1995.

Leksikonartiklar og informasjonsnettsider på nettet

Dersom du bruker ein leksikonartikkel eller ei anna nettside der forfattaren ikkje er namngitt, kan du føre opp kjelda slik:

Olaug Nilssen, 2007, http://no.wikipedia.org/wiki/Olaug_Nilssen (lesen 30.11.2007).

Du tek med tittelen på sida, årstal for publisering eller siste oppdatering av sida og nettadresse. Dersom nettadressa ikkje inneheld informasjon om versjon, tar du også med datoen du las artikkelen på nettet (lesen 30.11.2007).

Nettartiklar med namngitt forfattar

Dersom du bruker nettartiklar der forfattaren er namngitt, fører du dei opp slik:

Haddal, Per. Helteepos i stor stil. (2007), http://oslopuls.no/film/article2114251.ece (lesen 30.11.2007).

Her tek du med etternamn og fornamn på forfattaren, tittel, årstal for publisering eller siste oppdatering, nettadresse og lesedato.

Følg stilen du får beskjed om å bruke

Viss du tek ein titt på litteraturlistene i nokre tilfeldige fagbøker, vil du oppdage at dei nemner referanseopplysningane i litt ulik rekkjefølgje, at nokre bruker komma eller punktum der andre skriv kolon, og så vidare.

I tillegg til ulike stilar finst det nemleg også noko variasjon innanfor kvar enkelt stil! Men som elev eller student held du deg heilt enkelt til den stilen som du får beskjed om å bruke.

Nokre gode nettsider om kjeldebruk

Eksempla i dette kapitlet er stort sett i samsvar med NTNU sine sider om oppgåveskriving. Desse sidene er ein lettlesen og oversiktleg ressurs som gir deg ein god peikepinn på kva ein ventar av deg når du skal skrive oppgåver som student.

Elles har også Sandefjord videregående skole nokre gode nettsider om korleis du lagar referansar og litteraturliste i forenkla Harvard-stil.

Omtalen vår av Chicago-stilen byggjer på informasjon henta frå nettsidene til Universitetet i Oslo.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter