Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. Repetisjonsspørsmål om kjeldebrukChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Repetisjonsspørsmål om kjeldebruk

Repetisjonsspørsmål om kjeldebruk i norskfaget.

Oppgåve 1

Plagiering

  • Kva vil det seie å plagiere?
  • Kvifor må du ikkje plagiere?
  • Kva er konsekvensane dersom plagiat blir oppdaga?

Oppgåve 2

Kjeldebruk

  • Gi eksempel på ulike munnlege og skriftlege kjelder du kan bruke i skolearbeidet.
  • Kvifor bør du ikkje bruke for mange kjelder?
  • Kva kan vere fordelen med å bruke fleire enn éi kjelde?
  • Kva slags informasjon kan du bruke utan å måtte vise til kjelda?
  • Kvifor er Google notebook eit nyttig verktøy?
  • Kva kan du bruke Scrapbook til?
  • Kjenner du til andre typar verktøy som er nyttige i arbeidet med kjeldebruk? Beskriv dei.

Oppgåve 3

Kjeldevurdering

  • Kvifor er det viktig å vurdere kven som har publisert informasjonen du ønskjer å bruke?
  • Kva vil det seie å kryss-sjekke informasjon?
  • I kva for tilfelle er det særleg viktig at du sjekkar når websida sist blei oppdatert?
  • Kva for nettressurser blir rekna som kvalitetssikra (og derfor til å stole på)?

Oppgåve 4

Wikipedia

  • Kva er Wikipedia?
  • Gir Wikipedia deg pålitelig informasjon, altså informasjon du kan stole på?
  • Kva for reglar gjeld for bruk av innhald (tekst og bilete) på Wikipedia?

Oppgåve 5

Kjeldetilvising

  • Kva for stilar eller system for kjeldetilvising kan du lese om på NDLA-sidene?
  • Kva er den viktigaste forskjellen mellom dei to systema?
  • Kva vil det seie å sitere?
  • Når kan du bruke eit sitat?
  • Korte og lengre sitat blir markerte på ulike måtar. Forklar korleis.
  • Kva vil det seie å parafrasere?
  • Korleis markerer du at du har parafrasert?

Oppgåve 6

Litteraturlista

  • Kvar finn du litteraturlista i ei oppgåve?
  • Nemn to synonym til omgrepet litteraturliste.
  • I kva for rekkjefølgje blir kjeldene presenterte i lista?
  • Kva for opplysningar om kjelda finn vi i litteraturlista?
  • Kvifor må du rekne med trekk i karakteren når du skriv fagartiklar utan litteraturliste?
  • Set opp tre av fagbøkene dine i ulike fag i ei litteraturliste. Oppgi om du har brukt Harvard- eller Chicago-stil.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs