Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. Jobb med CC-lisensar for publisering på nettChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Jobb med CC-lisensar for publisering på nett

Ei rekkje søketenester på nett gjer det mogleg å finne innhald med Creative Commons lisenser. Finn og bruk verk med CC-lisens, sett på din eigen lisens og publiser på nett. Arbeidet kan gjerast individuelt eller i gruppe.


En jente i bakgrunnen med symboler for ulike inforamsjon på nett i framkant. Kollasj.

Lag ein videopresentasjon eller ein infografikk om plagiat. Ta utgangspunkt i teksten du allereie har skrive om plagiat. Skriv han om til eit munnleg manus, og hugs å planlegge korleis du skal få inn kjeldereferansar. Bli einig med læreran din kor mye arbeid som skal leggjast i oppgåva.

Er eit bilete eller ein låt merka med ©, er det Copyright-beskytta, og du kan ikkje bruke det fritt. Då må du spørre opphavar om lov. Creative Commons-lisensar gir deg i ulike grader moglegheit til å dele dine verk med andre, og til å bruke andre sine verk.

1. Finn cc-lisensiert innhald

I tenestene nedanfor kan du finne innhald du kan bruke fritt i ditt eige arbeid, og publisere vidare ut på internett. Husk å oppgi namn på opphavar og tittel på verk, samt oppgi rett lisens.

Bilder og videoklipp

Everystockphoto - Søkemotor som søker etter bilete til fri bruk.

Wikimedia Commons - Her finnast ulike medium som kan brukast. Hugs å sjekke lisensiering.

Free Digital Photos - Velg kategori i menyen til venstre. Hugs å sjekke lisensiering. Til vanleg er det nok å oppgi kven som har laga biletet.

Image After - Søkbar database med bilete som kan brukast fritt. Lisensiering for desse bileta finn du under terms.

Stockvault - Her finnast det mange bilete som kan brukast. Lisensiering for desse bileta kan du lese under licensing.

Lyd og musikk

Partners in rhyme - Her finnast lydeffektar til fri bruk. Ver obs på at det finnast mange ressursar på denne nettstaden, men ein del av dei kostar. Lydeffektane som vert lenka til her, er gratis.

The Freesound Project - Det krevast registrering for å laste ned lydspor herfrå, men desse kan fritt brukast. Lydspora er lisensierte med ein eigen CC-lisens som heiter Sampling Plus 1.0.

Soungle - Lydar til fri bruk.

Svensk Mediedatabase - Eit arkiv med lyd, musikk og film. Gå til filmarkiv frå denne sida. Ver nøye med å kreditere opphavsperson slik det framgår av nettsida.

Soundsnap - På denne nettstaden kan ein laste ned opp til fem gratis lydspor per månad. Krev registrering.

Mobygratis.com - Denne nettstaden krev registrering, men musikken kan brukast fritt.

Podsafe musikk - Du kan også få tilgang til gratis ny norsk musikk via Urørt på P3. For å få full tilgang må du registrere deg.

2. Produser og lisensier arbeidet ditt

Bruk verktøyet til å finne ein lisens som passar for deg.

Utforsk Creative Commons-lisensiering

3. Publiser arbeidet ditt

Finn ein kanal der det er naturleg å publisere arbeidet ditt.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter