Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Progresjon i bruk av kilder og referanser

Korleis ligg du an med tanke på din egen informasjonskompetanse? Kor gode er ferdigheitene dine i bruk av referansar og lisensar?

Tre ungdommer surfer en laptop på en bølge. Illustrasjon.

Nedanfor kan du vurdere ferdigheitene dine på området 'Bruk av referansar og lisensar'.

Bruk av referansar og lisensar

Strålande

  • Du viser til og gjev opp referanser til alle kjelder i arbeidsoppgåver, enten det er skriftlege, munnlege, journalistiske eller estetiske kjelder eller arbeidsoppgåver.
  • Du bruker kjelder både direkte og indirekte i flyt med og for å underbygge di eiga stemme.
  • Du bruker konsekvent ein standard for referansar dersom arbeidet er ein skriftleg fagtekst.
  • Du forstår korleis din argumentasjon heng saman med korleis du bruker kjelder.
  • Du har ei fullstendig kjeldeliste til arbeidet ditt, skrive etter ein bestemt standard
  • Du fører opp riktig lisens på innhald du bruker frå andre, der det er relevant.

Kompetent

  • Du har referert til alle kjeldene du har brukt.
  • Du bruker kjelder både direkte og indirekte.
  • Du prøver å følgje en standard for føring av kjelder dersom arbeidet er ein skriftleg fagtekst.
  • Du har ei kjeldeliste med alle kjeldene oppført.
  • Du oppgir ein lisens, men er det riktig?

På veg

  • Du viser til nokre kjelder
  • Det kan vere uklart kor informasjonen du bruker kjem frå.
  • Det er uklart kor i arbeidet ditt kjeldene blir brukte.
  • Du har ei kjeldeliste, ho er kanskje ikkje fullstendig.
  • Du meistrar og bruker direkte sitat.
  • Du bruker andre sitt innhald sjølv om det er copyright, eller utan å oppgi lisens.

Nybegynnar

  • Du refererer ikkje til kjelder i arbeidet ditt.
  • I skriftlege fagtekstar 'klipper og limer' du setningar direkte frå nett, skriv kanskje om nokon ord og fortel ikkje nødvendigvis Kor informasjonen kjem frå.
  • Du har ikkje kjeldeliste.
  • Du veit ikkje kva en lisens er.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter