Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. Plagiat eller inspirasjon?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Plagiat eller inspirasjon?

Gjer søk på nett og finn ulike kjelder om plagiat. Sorter og oppsummer informasjonen. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper.

Voksen snakker alvorlig med datter som jobber med lekser. Bilde.

Plagiat er eit omgrep som blir brukt innanfor kultur, innan musikk og litteratur, og innanfor læring og kjeldebruk. Kva betyr plagiering, og kva for problem og dilemma er knytta til det? Skriv eit par avsnitt der du bruker direkte og indirekte sitat med kjeldereferansar som utgangspunkt for eigne innspel.

  1. Kva betyr plagiat?
    • Finn ulike definisjonar av begrepet plagiat og formuler di eiga oppsummering.
    • Finn tre eksempel på plagiat som er blitt diskutert offentleg.
    • Beskriv og kommenter eksempla.
  2. Søk også på engelsk: 'plagiarism'.
    • Finn du anna innhald her enn med det norske søket?
    • Er det betre? Dårlegare? Vanskelegare?
  3. Kva er skilnaden på plagiat og inspirasjon?
  4. Kva er skilnaden på plagiat og ulovlig streaming av innhald?
  5. Formuler eit par avsnitt som avklarar kvifor det er viktig for deg som elev å vite kva som er plagiat.
  6. Plukk ut poeng og bruk direkte og indirekte sitat frå kjeldene. Pass på å ha eit tydeleg skilje mellom kjeldebruk og dine eigne innspel.

Samarbeid gjerne i grupper om å løyse oppgåvene, og oppsummer samla til slutt.

Tips:

  • Gjer eigne søk òg på videotenester som Vimeo og YouTube.
  • Bruk avansert søk, til dømes l i Google og i bibliotekdatabasen til skolen.
  • Planlegg søkeprosessen på førehand.
  • Bruk ikkje meir enn to kjelder per avsnitt.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter