Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. Arbeid med ei kompleks problemstillingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arbeid med ei kompleks problemstilling

Når du skal arbeide med ei komplekst problemstilling, kan punkta under vere til hjelp. Innsamling av informasjon fra nettet er kun ein liten del av arbeidet, sjølv om han er ein sentral del.

Truckfører legger ved et tannhjul til andre tannhjul. Illustrasjon.

1 Forstå og del opp problemstillinga

Ei problemstilling består som regel av fleire mindre problemstillingar. Stiller du dei rette spørsmåla til problemet, vil det som regel vere nøkkelen til ei løysing.

Formuler og prioriter spørsmål som er viktige å finne svar på for kunne løyse problemet. Slik avklarer du kva for del-oppgåver sjølve problemet består av.

2 Teikn opp problemet som tankekart

Eit tankekart hjelper deg å få oversikt over problemstillingen, og til å prioritere kva for spørsmål du skal begynne å jobbe med. Du kan teikne tankekartet opp med blyant og papir, eller du kan bruke eit verktøy på nett.

3 Diskuter spørsmåla

Fleire hovud tenkjer betre enn eitt. Inviter andre til å bidra med tankar og innspel. Del tankekart eller oversikt over informasjon eller dokument med andre, og be om innspel. Drøft forslaga dine med andre, og få tilbakemeldingar. Då vil du sjå om du har forstått, eller om andre oppfattar problemstillingen på ein annan måte.

4 Samle informasjon

Det er viktig å samle eit variert utval informasjon. Ver kreativ med søkeorda. Jo meir du jobbar med søkeord, jo meir ulikt stoff finn du på nettet. Søk andre stader enn berre på google-nettslesaren. Bruk 'avansert søk' - alternativ. Samarbeid med andre om finne informasjon.

5 Omformuler problemstillinga og juster tankekartet

Prøv å sjå problemstillinga frå ulike synsvinklar. Skriv det med ditt eige språk. Finn synonym eller formuler uttrykk på ein annan måte. Når du omformulerer problemstillinga, kan du òg prøve å gjere det ved å sjå problemstillinga frå ulike menneske sin ståstad. Kanskje må du òg gjere justeringar i tankekartet?

6 Ta opp att prosessen

Etter informasjonsinnsamling og diskusjonar med andre er det lurt å gå tilbake til det opphavlege problemstillinga og reformulere del-oppgåvene. Etter kvart vil nokre del-oppgåver falle fra, noko informasjon blir mindre relevant å bruke og du kjem nærare ei løysing.

Tida du kan bruke, og din eigen motivasjon, er ofte avgjerende for kor grundig du får løyst problemet til slutt.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs