Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjelder og informasjon

Skal du lære, og vise, at du har kunnskapar og oversikt i eit fag, krev det at du opparbeider deg oversikt over relevante kjelder over tid. Du må øve opp medvitet om kva for kvalitetar ei kjelde har, og kva slags informasjon i kjelda som er relevant for samanhengen.


Bøker og nettbrett på et bibliotek. Bilde.

Kva skal du lære? Kva for kjelder og kva slags informasjon treng du for å kunne vise kva du har lært?

  • Kva for kjelder skal du bruke?
  • Kva skal du bruke dei til?
  • Kva slags informasjon treng du, og kor finn du han?

Du må reint praktisk bruke kjelder, samle, sile og bruke informasjon på ein systematisk måte for å lære og tileigne deg kunnskapar. Jo meir du kan innanfor et fagområde, jo betre vil du bli til å finne dei beste kjeldene i faget og for formålet.

Kva er informasjon?

I kvardagen søker og bruker vi informasjon heile tida. Vi sjekker vêret og nyheitene, resultat av sportshendingar, korleis venene våre har det. Vi tenkjer gjerne ikkje over kva for informasjon vi søkjer og bruker, og kvifor. I skolesamanheng, derimot, har du mykje å hente på å tenkje over kva slags informasjon du treng og kvifor.

Betydinga av 'informasjon' slik vi bruker han her, kan forklarast med to underpunkt. Den eine typen informasjon kan forståast som objektiv, faktabasert eller teknisk. "Det er overskya og antyding til regn" og "2+2 = 4" kan vere eksempel på det. Omgrepsdefinisjonar har som formål å gje objektiv informasjon om betydinga av eit omgrep. Innsamla data kjem òg inn under denne forståinga av informasjon.

Den andre typen er informasjon som openbert skal påverke. Informasjon kan altså vere retorisk. Eit par eksempel er: "Vi må slutte å bruke plastikk, for det havnar i havet." og "Ungdom er altfor opptekne av sosiale medium".

Skiljet mellom faktabasert informasjon og retorisk informasjon vil ikkje alltid vere skarpt. Derfor er kjeldekritikk så viktig.

Informasjon frå ei kjelde er ikkje i seg sjølv kunnskap. For å vise kunnskap med utgangspunkt i klipt og limt innhald frå ei nettside etter eit Google-søk, må informasjonen arbeidast med, kommenterast og setjast i samanheng med anna informasjon. Då først viser du kunnskapane dine.

Menneske som kjelder

I skolesamanheng har du god tilgang på lærarar. Dei er fagpersonar og har god oversikt over dei faga dei underviser i. Ofte har din eigen lærar lagt nokre premiss for kva du skal jobbe med, og også delt informasjon med deg i timane.

Du kan òg ta kontakt med personar utanfor skolen og stille spørsmål eller gjere intervju gjennom e-post, telefon- eller videosamtalar, enten dei har fagkompetanse innanfor eit område, eller dei har andre interessante erfaringar og kunnskapar å dele.

Læremiddel er spesiallaga for fag og trinn

Lærebøker og digitale læremiddel du har som pensum i faget du jobbar med, er skreddersydd etter læreplanen i faget. Læremiddel for eit fag er i regelen sentrale og sikre kjelder. Du kan òg bruke fagomgrep herfra som søkjeord i nettlesarar og i arkiv. Det kan gje deg meir presise søkeresultat enn om du bruker kvardagsord.

Skal du fordjupe deg og bruke lang tid innanfor eitt tema, finnast det normalt fagbøker du kan få tak i gjennom skolebiblioteket. Nokon fagbøker er spesialiserte for høgskolar og universitet, og dei kan vere kompliserte å bruke. Du må vurdere om du vil ha utbytte av å bruke slike kjelder. Bibliotekarar og lærarar kan gje deg nødvendig rettleiing.

Estetiske kjelder

Estetiske kjelder er kulturuttrykk som musikk, litteratur, film eller dikt. Også reklame og bilete er estetiske kulturuttrykk. Dei vert sjelden brukte til innhenting av faktainformasjon. Likefullt er dei verdfulle kjelder for å belyse problemstillingar, gje eksempel på korleis ting heng saman, og til inspirasjon.

I mange fag står analyse av estetiske kjelder sentralt. I andre samanhengar bruker du musikk i ein video du lagar, eller bilete for å illustrere ein presentasjon. Då bruker du kjelder for å skape ei stemning og ei større breidd i opplevinga av det du vil formidle.

Når du sjølv skal skape estetiske uttrykk, vil det vere naturleg å bruke estetiske kjelder til inspirasjon og få idéar frå estetiske sider ved kjeldene.

Nettkjelder med søketenester

Internett er etter kvart blitt den viktigaste staden å søke fram og få tilgang til kjelder og informasjon. Det er ikkje utan grunn vi omtalar vår tid som 'informasjonssamfunnet'. Med internett har vi fått tilgang til enorme mengder informasjon med berre få tastetrykk.

"Det blir hevda at viss du les det som står i ei avis som New York Times gjennom ei heil veke, får du like mykje informasjon på den eine veka som det ein vanleg person som levde i middelalderen ville fått gjennom ei heil livstid."

Sitatet er hentet fra video-presentasjonen av Universitetsbiblioteket i Bergen .

Det kan være ei stor utfordring å handtere mengda informasjon som er tilgjengleg gjennom eit enkelt søk på Google. Du kan ikkje være sikker på om den prioriterte rekkefølgja på utlistinga etter søket er den beste for ditt føremål. Derfor er det nyttig å gå direkte til relevante søketenester.

De mest vanlige kildene med søketjenester på nett brukt i den videregående skolen er:

  • læremiddel på nett
  • oppslagsverk
  • offentlege nettsider
  • offentlege dokument og arkiv
  • mediekanalar
  • delingstenester
  • formidling og diskusjonar i sosiale medium og på nettforum

Statisk og dynamisk informasjon

På nett skil vi gjerne mellom statisk og dynamisk informasjon. Når vi snakkar om kjelder i skolesamanheng, er det ofte statisk informasjon vi tenkjer på. Tekst og bilete er statisk. Men det finast òginformasjon formidla gjennom video, lyd, simulering eller 3D-verder. Både i læremiddel og elles på nett, er det ei aukande mengd tilgang til ikkje-statisk informasjon.

Skal du jobbe med statisk informasjon, har du sjølv kontrollen. Du kan lese tekst og studere bilete i ditt tempo. Bruker du kjelder med dynamisk informasjon, må du stoppe straumen, spole tilbake og notere eventuelle tidskoder og informasjon du skal bruke vidare, og kanskje må du òg ta skjermdumper.

Ei kjelde kan innehalde både statisk og dynamisk informasjon.

Nettsider som vider video, tekst og bilder. Grafisk.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter