Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. Korleis får du oversikt over kjelder?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Korleis får du oversikt over kjelder?

Kva vil det seie å jobbe systematisk med kjelder? Del meiningar og erfaringar med andre i klassen.

Mennesker flytter på røde klosser. Illustrasjon.

Lag eigne omgrepsdefinisjonar

For å få mest mogleg ut av søk etter informasjon på nett, er det nyttig å ha klart for seg nokon sentrale fagomgrep. Lag deira eigne definisjonar på kva for meining som ligg i desse omgrepa:

  • navigasjon
  • lesing på nett
  • strategi
  • organisering

Del omgrepsdefinisjonane

Del omgrepsdefinisjonane med resten av klassen. Bli einige om ein felles definisjon for kvart av omgrepa.

Skriv ned tre punkt

Tenk over ein av dei siste gongane du brukte internett til å finne informasjon som skulle løyse ei litt større arbeidsoppgåve du jobba med.

  • Kva skulle du finne fram til?
  • Korleis gjekk du fram?
  • Kva gjorde du før, undervegs og etter søkjeprosessen?
  • Skriv ned tre eksempel på korleis du sjølv tenkjer du jobbar systematisk med kjeldesøk.

Diskuter med medelevar

Del eksempel med kvarandre på korleis de jobbar systematisk med kjeldesøk.

Diskuter:

  • Kva vil det eigentleg seie å jobbe systematisk med kjeldesøk?
  • Kva vil det seie å ha ein strategi for korleis eit søk blir gjennomført?
  • Kan de gjere ting annleis for å få meir oversikt over prosessen?

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter