Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kjeldebruk

Når du har funne påliteleg, oppdatert og relevant informasjon, er neste steg å presentere denne informasjonen på rett måte. Lær korleis du lagar korrekte kildetilvisingar i skoleoppgåver!

God kjeldebruk eller plagiat? Plage-Tor har svaret!

Oppgi kjelda!

Grunnregelen for kjeldebruk er klar: Dersom du bruker andre sine tekstar som kjelde, må du opplyse om dette. Om du ikkje gjer dette, risikerer du å bli skulda for plagiering.

Det finst sjølvsagt ein del informasjon du kan nytte utan at du må vise til kjelda. Dette gjeld til dømes vanlege allmennkunnskapar, som at Tromsø ligg nord for polarsirkelen, eller at Erna Solberg er statsminister i Noreg. Jamvel tankar og idear som du har fått ved å diskutere oppgåva di med andre, kan du bruke utan å oppgi kjelda. Men har du intervjua nokon, eller har du brukt lærebøker og andre skriftlege kjelder for å skaffe deg informasjon, skal du opplyse om dette.

Kva er plagiering?

Å plagiere vil seie at du utgir for ditt eige noko som du har henta frå andre; altså at du ikkje gir opp kjelda. Der er ikkje berre direkte avskrift som blir sett på som plagiering. Sjølv om du gir att innhaldet med andre ord, er det ikkje ditt arbeid. Opplys derfor alltid kjelda eller kjeldene du har brukt.

Konsekvensar for karakteren

Dersom heile eller delar av oppgåva er avskrift, vil det få store konsekvensar for den formelle vurderinga (karakteren). Plagiering viser nemleg at du manglar forståing for korleis fagtekster skal skrivast. God kjeldebruk er eit teikn på fagkompetanse og profesjonalitet, og derfor eit viktig vurderingskriterium.

Skal du studere på høgskole eller universitet, vil uryddig kjeldebruk kunne føre til at du ikkje får godkjent oppgåvene dine, og at du kan bli utestengd frå studiet ei tid.

Ein allmenn regel

Regelen om at du ikkje skal ta andre sine idear eller produkt og utgi dei for å vere dine eigne, gjeld også i yrkeslivet. Viss du som fagperson skal halde ein presentasjon og hentar bilete og informasjon frå bøker, blad eller nettsider, må du oppgi kjeldene. Det same gjeld dersom du bruker tekst og bilete frå andre kjelder i skriftleg eller digitalt informasjonsmateriell. Det styrkjer alltid truverdet ditt at du er påliteleg i kjeldebruken.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs